MSN

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MSN

Type nettstadnettportal
Grunnlagd24. august 1995
EigarMicrosoft
Nettstadwww.msn.com


MSN (The Microsoft Network) er ei samling av Internett-tenester frå Microsoft. MSN blei lansert samstundes med Windows 95, 24. august 1995. I 2006 blei mange av MSN-produkta gjevne ut på nytt under namnet Windows Live. Etter dette har fleire tenester kome til.

E-postprogrammet Hotmail var mellom dei første tenestene i MSN, fylgd av lynmeldingstenesta MSN Messenger.

MSN Messenger, som no heiter Windows Live Messenger, blir ofte kalla berre kalla MSN i daglegtale. Tenesta blei forbetra og relansert som Windows Live Messenger for å konkurrere betre med rivalar som Yahoo! Messenger, Skype og Pidgin. Messenger blir mest brukt av ungdom til chatting og videosamtalar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]