Skype

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skype [utt: skajp] er eit dataprogram for breibandstelefoni. Skype vart lansert i 2003 av Niklas Zennström frå Sverige og Janus Friis frå Danmark, som er dei same som står bak fildelingsprogrammet Kazaa og internett-TV-tenesta Joost.

Brukaren installerer Skype på datamaskina og opprettar så ein gratis brukarkonto. Deretter søkjer ein etter personen ein vil ringje til eller nettprate med. Fordi samtalen skjer over Internett, er det inga tilkoplingsavgift, ingen minuttpris og ingen abonnementskostnader. Som andre IP-telefoni-tenester gjer dette Skype til eit rimeleg alternativ samanlikna med vanlege telefonsamtalar. I tillegg til at brukarane kan ringje til kvarandre, har programmet også funksjonalitet for meldingsformidling, filoverføring, videosamtalar osb. Skype nyttar ein proprietær protokoll som ikkje er kompatibel med SIP.

I september 2005 kjøpte eBay opp Skype for ein pris på mellom 1,9 og 3,4 milliardar euro, avhengig av den økonomiske utviklinga åt selskapet dei komande åra. Dette gjorde Niklas Zennström til ein av dei rikaste personane i Sverige. Den 10/5-2011 kjøpte Microsoft Skype.

Avlytting[endre | endre wikiteksten]

I 2013 vart det kjent at NSA har høve til å lytta på Skype-samtalar via PRISM-programmet.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Greenwald, G., MacAskill, E., Poitras, L., Ackerman, S. og Rushe, D., How Microsoft handed the NSA access to encrypted messages, guardian.co.uk, 12. juli 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]