HMT «Empire Windrush»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå MS «Monte Rosa»)
Hopp til navigering Hopp til søk
HMT «Empire Windrush»
HMT Empire Windrush FL9448.jpg
«Empire Windrush» etter krigen
Karriere
Namn: MS «Monte Rosa» (1930–1947)
Type: Passasjerskip
Verft: Blohm & Voss, Hamburg
Sjøsett: 4. desember 1930
Jomfrutur: 21. mars 1931
Status: Sokk etter brann i Middelhavet, 29. mars 1954
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 13 882 brt tonn
Lengd: 152,5 m m
Passasjerar: 1 372
Mannskap: 272

Koordinatar: 37°00′N 02°11′E

HMT «Empire Windrush», opphavleg MS «Monte Rosa», var eit passasjerskip bygd i Tyskland og brukt i rute mellom Hamburg og Sør-Amerika, for den statlege fritidsorganisasjonen Kraft durch Freude og deretter til troppetransport under andre verdskrigen. Det gjekk mellom Noreg og Danmark med troppar og fangar, og blei i juni 1944 skadd av ei tidsinnstilt mine plassert av dei norske motstandsfolka Max Manus og Gregers Gram.

Etter krigen blei skipet tek over av Storbritannia som krigsbytte og omdøypt til «Empire Windrush». Det blei særleg kjend for å frakta den første større gruppa av innvandrarar frå Karibia til Storbritannia i 1948, då det frakta 1 027 passasjerar og to blindpassasjerar frå Jamaica til London.[1] Karibiske innvandrarar til Storbritannia som følgde er blitt kjende som «Windrush»-generasjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rodgers, Lucy; Ahmed, Maryam (27. april 2018). «Windrush: Who exactly was on board?». BBC News. BBC News. Henta 28. april 2018.