HB «Teisten» (1961)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå MS Teisten (1961))
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: HB «Teisten»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Cantiere Navale e Officine Ferrotiarie Leopoldo Rodriguez i Messina
Verftsnummer: 74
Sjøsett: 1961
Teke ut av teneste: 1969
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LMIR
Generelle mål
Type: Hydrofoilbåt
Tonnasje: 55 bruttotonnregister, 33 nrt
Lengd: 64,3 fot (19,6 m)
Breidd: 16,1 fot (4,9 m)
Djupgang: 6,7 fot (2,0 m)
Installert effekt : 1350 bhk
Framdrift: 12cyl. 4T DM (Daimler-Benz)
Karriere Flag of Italy.svg Italia
Namn: HB «Freccia Di Reggio»
Eigar: 1990: Aliscafi S.N.A.V.
Sett i teneste: 1970
Heimehamn: Messina
Lagnad: Ukjend

HB «Teisten» var den første hydrofoilbåten for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipselskap. Båten vart levert til HSD i juli 1961 frå eit skipsverft i Messina i Italia.

22. oktober 1969 grunnstøytte «Teisten» på Noreskjær ved Tysnes i Bjørnefjorden på reise frå Ølen til Bergen med passasjerar. Båten vart då kondemnert.

27. januar 1970 vart båten seld av assurandørane attende til verftet i Messina for å få reparert båten. Han vart seinare sett i fart i Messinasundet som «Freccia di Reggio». I 1990 var han eigd av Aliscafi S.N.A.V. i Messina i Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]