Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
HSD sin snøggbåt MS «Draupner» på Vågen i Bergen. Foto: Harald Sætre
Buss ikledd den tradisjonelle HSD-drakta.

Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap ASA (forkorta HSD ASA) er eit tidlegare transportkonsern med hovudkontor i Bergen. I 2006 vart HSD slege saman med Gaia Trafikk til selskapet Tide.

Selskapet var delt opp i tre dotterselskap:

  • HSD Sjø AS
  • HSD Buss AS
  • HSD Transport AS* (Dette selskapet vart seld til Posten i 2005. HSD avslutta med dette eit 125-årig engasjement innan godstransport.)

HSD Sjø dreiv snøggbåt- og ferjeruter i Hordaland fylke og «Flaggruten» mellom Bergen og Stavanger. Dei siste åra reiste 2 millionar passasjerar i året med HSD Sjø AS og i 2003 frakta ferjene til selskapet 4,6 mill bilar. HSD Sjø AS hadde 31 ferjer og 10 snøggbåtar.

HSD Buss dreiv rute- og turkøyring med buss i Hordaland og deltok òg i fleire ekspressbussruter i samarbeid med andre selskap. Selskapet hadde 630 bussar og frakta i 2003 15 mill passasjerar.

(HSD Transport dreiv godstransport med ruter over heile landet, og hadde eit internasjonalt tilbod gjennom samarbeid med Frans Maas Norge AS. HSD Transport blei eige aksjeselskap frå 1. januar 2001, og hadde om lag 130 tilsette. Posten overtok selskapet i 2005 og arbeider med å samordne aktiviteten med sine andre datterselskap, Nor-Cargo og Nettlast)

I 2003 hadde HSD ein omsetnad på 1,83 mrd. kroner. Konsernet hadde ca 2 100 tilsette.

HSD var ein del omtala i media dei siste åra, særleg etter Sleipner-forliset den 26. november 1999, der M/S «Sleipner» gjekk på grunn og sokk ved skjeret Stora Blokso utanfor Ryvarden, med tap av 16 menneskeliv.

Hausten 2005 blei det lansert planar om ein fusjon mellom HSD og busslaget Gaia Trafikk. Fusjonen måtte godkjennast av bystyret i Bergen, fordi Bergen Kommune er største aksjonær i Gaia Trafikk. I juni 2006 godkjente fleirtalet i bystyret fusjonsplanane, men med merknader om kommunen sin sendemann berre skulle røyste for fusjonen om styreleiaren i det fusjonerte selskapet var ei kvinne. Samstundes vedtok bystyret samrøystes å anmode kommunen om å arbeide for at nynorsk skulle vere forretningsspråk i det nye selskapet. 3. november 2006 vart selskapet skipa, og fekk namnet Tide.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare HSD skip[endre | endre wikiteksten]

Dampskip[endre | endre wikiteksten]

Motorskip[endre | endre wikiteksten]

HSD si ferje M/F «Bjørnefjord»Løfallstrand i Kvinnherad. Ei gong på 1970-talet. Foto: Harald Sætre.

Bilferjer[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]