Mac Gayden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mac Gayden
OpphavNashville i Tennessee i USA
AktivSidan 1960-åra
SjangerR&B, pop, folk, roots
InstrumentGitar, slidegitar, banjo
Tilknytte artistarArea Code 615
Barefoot Jerry Skyboat, Zenphonic, Oceana Gayden
PlateselskapWild Child Records
Verka somSongar, låtskrivar, plateprodusent

McGavock Dickinson «Mac» Gayden er ein USA-amerikansk rock- og countrysongar, låtskrivar, musikar og platepodusent. Han er òg sjef i Wild Child Records, som vart skipa i 2004.[1]

Gayden var med å starte musikkgruppene Area Code 615 og Barefoot Jerry, der han spelte gitar, klaverinstrument og song. Gayde slutta i Barefoot Jerry i 1972 for å skipe sitt eige band, Skyboat. Den største hitten til Gayden som låtskrivar var «Everlasting Love», opphavleg innspelt av Robert Knight. Dnene gjekk til topps i Storbritannia då han vart covra av Love Affair i januar 1968.

Gayden spelte òg med Bob Dylan, Linda Ronstadt and the Stone Poneys, John Hiatt, Loudon Wainwright, Joe Simon, Ivory Joe Hunter, Margie Hendrixs, Kris Kristofferson, Gregg og Duane Allman, Steve Young, Jerry Jeff Walker, Ian & Sylvia, Elvis Presley, Hoyt Axton, Leonard Cohen og Simon & Garfunkel blant fleire.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • McGavock Gayden (produsert av Bob Johnston)
  • Skyboat
  • Hymn to the Seeker
  • Nirvana Blues (CD)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Wild Child Records». Wild Child Records. Henta 31. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]