John Hiatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Hiatt
John Hiatt SXSW 2010 Ron Baker.JPG
John Hiatt på South by Southwest i Austin i Texas (2010)
Fødd20. august 1952 (69 år)
FødestadIndianapolis i Indiana i USA
FødenamnJohn Robert Hiatt
OpphavUSA
AktivSidan 1972
SjangerHeartland rock, bluesrock, folkrock, country, americana
InstrumentVokal, gitar, piano, klaverinstrument
PlateselskapMCA, A&M, Geffen, Vanguard, New West Records
Verka somSongar-låtskrivar, musikar
BornLilly Hiatt
PrisarAmericana Lifetime Achievement Award for Songwriting

John Robert Hiatt (fødd 20. august 1952) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og musikar.[1][2] Han har spelt ei rekkje musikkstilar på albumet sitt, inkludert new wave, blues og country. Hiatt har blitt nominert til ni Grammyprisar[3] og har fått ei rekkje andre prisar.

Hiatt arbeidde som låtskrivar for Tree International, eit plateselskap i Nashville, då songen hans «Sure as I'm Sittin' Here» vart spelt av Three Dog Night.[1] Songen vart ein hit og gav Hiatt platekontrakt med Epic Records. Sidan den gongen har han gjeve ut 22 studioalbum og eitt konsertalbum.

Ei rekkje artistar innan mange sjangrar har spelt songane hans, som Aaron Neville, B.B. King, Bob Dylan, Bonnie Raitt, Buddy Guy, Chaka Khan, Dave Edmunds, Delbert McClinton, Desert Rose Band, Emmylou Harris, Eric Clapton, Iggy Pop, I'm with Her, Jeff Healey, Jewel, Jimmy Buffett, Joan Baez, Joe Bonamassa, Joe Cocker, Keith Urban, Linda Ronstadt, Mandy Moore, Maria Muldaur, Nick Lowe, Paula Abdul, Paulini, Rodney Crowell, Rosanne Cash, Ry Cooder, Suzy Bogguss, The Nitty Gritty Dirt Band, The Searchers, Three Dog Night, Willie Nelson, Asleep at the Wheel og Willy DeVille.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 446–447. ISBN 1-84195-017-3. 
  2. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2019-06-22. Henta 25. september 2020. 
  3. «John Hiatt». GRAMMY.com (på engelsk). 22. mai 2018. Henta 25. september 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]