Machala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Machala
by
Machala - parque central de noche.jpg
Land Flag of Ecuador.svg Ecuador

Machala
3°16′0″ S 79°58′0″ W
Wikimedia Commons: Machala

Machala er ein kystby lengst sør i Ecuador ved Guayaquilbukta og hovudstaden i El Oro-provinsen. Folkesetnaden var ca 217 000 i år 2000. Byen ligg ca 200 km sør for største byen i landet, Guayaquil.

Machala er eit kommersielt senter for jordbruksindustri i provinsen. Her er stor lokal handel med banan, kaffi og kakao. Jamvel om bananeksporten hadde mest å seie under bananboomen 19481965, så er Machala av mange framleis rekna som verdas bananhovudstad. Puerto Bolívar er namnet på hamna som ligg 7 km sør om Machala by.

Nær byen ligg landets einaste gasskraftverk (2005) som utnyttar gass frå eit naturgassfelt i Guayaquilbukta. Her finst òg ein liten flyplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Machala