Mackinacbrua
Utsjånad
| | |||
| Type | hengebru, vegbru, bru med avgift | ||
|---|---|---|---|
| Stad | St. Ignace | ||
| Opna | 1. november 1957 | ||
| Strekning | Interstate 75 i Michigan | ||
| Lengd | 8 038 meter | ||
| Høgd | 168 meter | ||
| Største spenn | 1 158 meter | ||
| Kryssar | Mackinacstredet | ||
| Materiale | stål | ||
![]() Mackinacbrua 45°48′54″N 84°43′41″W / 45.815°N 84.728055555556°W | |||
Mackinacbrua (engelsk Mackinac Bridge, uttala [ˈmækɪˌnɔː]) er ei hengebru i Michigan i USA. Ho går over Mackinacsundet (engelsk Straits of Mackinac) mellom Michigansjøen og Huronsjøen, og knyter saman dei to halvøyane i Michigan – Lower Peninsula (LP) og Upper Peninsula (UP). Ho går frå Mackinaw City (LP) til St. Ignace (UP). Brua vert ofte kalla «Mighty Mac» eller «Big Mac».

Planane om å byggje ei bru over sundet kom allereie på 1880-talet, men Mackinacbrua stod ikkje ferdig før i 1957. Ho var då ei av dei lengste hengebruene i verda, og er på heile 2626 meter.
Sjefsingeniør for konstruksjonen var David B. Steinman, og selskapet American Bridge Company stod bak. Fem arbeidarar døydde da ein bygde brua.
