Madison Square Garden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 40°45′2″ N 73°59′37″ W

Madison Square Garden
Madisonsquaregarden.jpg
Kallenamn MSG, The Garden, The World's Most Famous Arena
Adresse 4 Pennsylvania Plaza (7th Avenue & 32nd Street), Manhattan, New York City New York 10001
Eigar Cablevision (gjennom selskapet Madison Square Garden, L.P.
Drift Cablevision
Brukarar New York Rangers (NHL) (1968-)
New York Knicks (NBA) (1968-)
New York Liberty (WNBA) (1997-)
New York Titans (NLL) (2007-)
New York Knights (AFL) (1988)
New York CityHawks (AFL) (1997-1998)
Det demokratiske partiet landsmøte 1976, 1980 og 1992
Det republikanske partiet landsmøte 2004
Big East Men's Basketball Tournament (NCAA) (1983-)
Kapasitet Basketball: 19 763
ishockey / Lacrosse: 18 200
konsert: 20 000
WaMu Theater: 5 600
Arkitekt Charles Luckman Associates
Pris USD 123 millionar
Historiske årstal
Påbegynt
1879
Opna
1968
Stengt

Madison Square Garden er ein kjend sports- og konsertarena i New York City i USA. Han låg opphavleg ved Madison Square, men er no plassert over den underjordiske jernbanestasjonen Pennsylvania Station. Blant innbyggjarane i New York vert areanen ofte berre kalla «the garden».

Han vert nytta til ishockey, basketball, tennis, boksing, wrestling og mange fleire sportshendingar. Arenaen er òg kjend over store delar av verda som konsertlokale. Publikumskapasiteten varierer frå type arrangement, men er på om lag 20 000.

Madison Square Garden er også namnet på selskapet som eig lokalet, og på fleire av kontraktørselskapa som held arrangement der.

Den første Madison Square Garden vart opna i 1879. Ein ny idrettshall som i all hovudsak skulle nyttast til boksekamper vart opna på same staden i 1890, og vart flytta i 1925. Dagens bygning, som er den fjerde i rekkja, opna 11. februar 1968.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]