Wrestling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wrestling er ei form for bryting som ikkje er ein kampsport. På engelsk vert sporten kalla «professional wrestling», trass i at ein ikkje har noko anna namn på sporten på amatørnivå.

Omgrepet «fribryting»[endre | endre wikiteksten]

På moderne norsk vert «wrestling» og «fribryting» meir eller mindre rekna som synonyme omgrep.

Når det gjeld omgrepet «fribryting», så er det blitt hevda at NM i fribryting berre har blitt arrangert i perioden 1948-54.[1] Men den gongen refererte ein til brytestilarten som finst i OL, som i dag blant anna vert kalla fristil-bryting. I slik samanheng har norske medium stort sett slutta å referera til «fribryting», i tydinga wrestling.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bryting»,Gyldendals store konversasjonsleksikon,1972,s.2565
Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.