Magda Blanc
| Magda Blanc | |||
| | |||
| Fødd | 27. mars 1879 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Bergen | ||
| Død | 6. april 1959 (80 år) | ||
| Dødsstad | Bergen | ||
| Verka som | skodespelar | ||
| Ektefelle | Henning Eriksen, Sverre Jordan | ||
| Prisar | Kongens fortenestmedalje i gull, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden | ||

Magda Blanc (27. mars 1879–6. april 1959) var ein norsk skodespelar. Ho hadde ei leiande rolle ved Den Nationale Scene i Bergen i ei årrekkje.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Blanc var fødd i Bergen som dotter av bankbokhaldaren Adolf Christian Blanc og Magdalene Thomsen. Familien hadde stor interesse for teater, og faren var mange år i styret ved Den Nationale Scene. Magda sjølv viste musikalsk talent. Etter middelskulen drog ho til utlandet for å studera vidare, fyrst på klosterskule i Paris, så nokre år i Hamburg der ho studerte song og teater.[1]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]I 1901 debuterte ho ved Den Nationale Scene i fødebyen, i tittelrolla i Amalie Skram sitt skodespel Agnete.[1] Ho utvikla seg til å bli ein av dei fremste skodespelarane ved dette teateret.
Magda Blanc hadde ein leiande posisjon ved Den nationale scene. Ho briljerte i i dramatiske roller såvel som i komediefaget, og gjorde også lykke som resitatør. Ho fekk Kongens fortjenstmedalje i gull[2] og blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Frå 1954 fekk ho kunstnarløn.[1]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]I 1906 gifta ho seg med skodespelaren Henning Eriksen (1878-1922). Dette ekteskapet blei oppløyst i 1915, og ho gifta seg opp att i 1918 med kapellmeister Sverre Jordan (1889-1972). Dette andre ekteskapet varte fram til 1949.[1]
Teaterroller (utval)
[endre | endre wikiteksten]| År | Oppsetjing | Rolle | Forfattar | Regissør | Scene | Ref. |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1920 | Haabet | Fiskerjenta Jo | Herman Heijermans jr. | Christian Sandal | Den Nationale Scene | [3] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 Lyche, Lise (18. juni 2024). «Magda Blanc». Norsk biografisk leksikon (på norsk).
- ↑ «ISBN 82-90964-00-5 Christian Sandal og 16 store samtidige scenekunstnere i Bergen». udatert. Henta 24. august 2022. «Side 21»
- ↑ «Haabet». Sceneweb. Henta 2. mars 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Magda Blanc» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2024.