Magne Skodvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magne Skodvin
Fødd13. desember 1915
Død26. januar 2004
NasjonalitetNoreg
Områdehistorie
Yrkehistorikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Magne Skodvin (13. desember 191526. januar 2004) var ein norsk historikar, målmann og folkeopplysningsmann.

Far hans styrte ein folkehøgskule i Ullensvang i Hardanger. Sonen svor all si tid til «det levande ordet», var nokre år i ungdomen i Norsk Rikskringkasting, der han gjorde stor lykke med sitt klangfulle mål. Han gjekk Hardanger Folkehøgskule 1930-1931, og var med i motstandsrørsla under andre verdskrigen. Han vart cand. philol. i 1946, tok doktorgraden i 1956 på avhandlinga Striden om okkupasjonsstyret i Norge. Då dei tyske arkiva vart opna, vart det prova at brytningane i okkupasjonssstyret hadde vore nett som Skodvin hadde hevda i avhandlinga si. Skodvin vart det sentrale namnet innanfor den norske krigsforskinga, professor i historie ved Universitetet i Oslo 1961 til 1983. Han var mislikt av dei som stod for revisjonisme innanfor dette fagområdet.

Magne Skodvin var formann i Noregs mållag 1958 til 1960. Han var redaktør av Syn og Segn frå 1951 til 1959.[1]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Striden om okkupasjonsstyret i Norge, 1956.
  • Norden eller NATO, 1971.
  • Samtid og historie, 1975.
  • Som seilene fylles av stormen, 1982.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]