Magnhild Folkvord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnhild Folkvord
Fødd 27. november 1945
Yrke journalist, skribent

Magnhild Elisabet Folkvord (fødd 27. november 1945) er ein norsk journalist og forfattar. Ho er utdanna adjunkt.

Folkvord var engasjert i ml-rørsla og AKP[1]. På 1970-talet arbeidde ho ved Jøtul i Oslo, og var aktiv under Jøtulstreiken då ho jobba med økonomi for streikekomiteen[2]. Ho fekk òg tillitsverv i Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund[3].

Frå 1999 har ho arbeidd som journalist i Klassekampen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Sekstimarsdagen - den neste store velferdsreforma? Med Ebba Wergeland (2008)
  • Fredrikke Marie Qvam - rabaldermenneske og strateg, Samlaget (2013)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Side 209, Alf Skjeseth: Sykle på vatnet – historia om Klassekampen. Samlaget, Oslo (2011)
  2. Side 314, note 56. Erling Folkvord: Rødt! På barrikadene for AKP og RV (1998)
  3. «Kongresskupp i AKP-regi», side 6. VG 14. april 1977