Magnus Dyrssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnus Dyrssen
Magnus Dyrssen.jpg
Fødd 18. mai 1894
Karlskrona
Død

1. mars 1940

Yrke militær

Magnus Peder Wilhelm Dyrssen (18. mai 18941. mars 1940) var ein svensk oberstløytnant som fall ved Märkäjärvi som frivillig i den finske vinterkrigen.

Magnus Dyrssen var fødd i Karlskrona. Han var med å stifte Finlandskommittén og høyrde til initativtakarane til Svenska frivilligkåren. Dyrssen var den første som fall av den svenske frivilligkårens medlemer, og slik vart han eit symbol for den folkelege støtten til finnane i vinterkrigen.

Magnus Dyrssen vart gravlagd på Kungsängens kyrkjegard. I Märkäjärvi er det sett opp ein minnestein med innskrifta «Här stupade Magnus Dyrssen 1.3.1940 för Nordens frihet och Sveriges ära».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]