Karlskrona
Hopp til navigering
Hopp til søk
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Karlskrona

Kong Karl XI av Sverige peikar ut staden «Carls-Croona» skal byggjast opp. Hendinga fann stad den 19. november 1679
Karlskrona er ein by i Sverige. Byen er administrasjonsstad i Blekinge län og Karlskrona kommun. Karlskrona ligg på øyar i skjergarden. Den største øya heiter Trossö og utgjer Karlskrona sentrum. Stumholmen tillhøyrde lenge Svenska Flottan (den svenske marinen), men er i dag eit marint musealt sentrum i tillegg til bustadsområde. Orlogsbyen Karlskrona, det historiske orlogsområdet, er teken med på UNESCO si liste over verdsarv.
Byen vart bygd opp etter Freden i Roskilde i 1658, då området vart ein del av Sverige.
