Magnus Matningsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnus Matningsdal
Fødd 29. september 1951
Yrke høgsterettsdommar, professor

Magnus Matningsdal (fødd 29. september 1951) i Hå kommune er ein norsk jurist og domar i Norsk Høgsterett. Han tiltrådde som høgsterettsdommar den 11. august 1997.

Matningsdal vart uteksaminert cand.jur. frå Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen hausten 1976, vart lic.jur. i 1982 og dr.jur. i 1986. Før han vart tilsett i Høgsterett 11. august 1997 var han mellom anna professor ved Universitetet i Bergen, heradsrettsdomar ved Jæren sorenskrivarembete og førstelagmann i Gulating lagmannsrett. Ved fakultetet i Bergen har han hatt fleire verv, og har drive med undervising innan strafferett og straffeprosess. Han har òg forfatta fleire bøker om rettsvitskaplege emne, i hovudsak innan strafferett og straffeprosess.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Magnus Matningsdal hos domstol.no, vitja 14. juni 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]