Magnus Stenbock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus Stenbock

Fødd12. mai 1665
FødestadStockholm
Død23. februar 1717
DødsstadKøbenhavn
Rangfältmarskalk, general
Eininglett infanteri
KonfliktarDen store nordiske krigen
Adelstittelgreve

Magnus Stenbock, òg kalla Måns Bock, Måns Lurifax[1] (22. mai 166523. februar 1717 i København) var ein svensk greve og offiser. Stenbock var sjef for Kalmar regimentet frå 1699 og Dalsregimentet frå 1700. Han vart utnemnd til generalløytnant i 1704, general i 1705, generalguvernør i Skåne i 1705 og feltmarskalk i 1713.

Stenbock deltok i slaget ved Narva i 1700, slaget ved Kliszów i 1702, og leia den karolinske hæren til siger i slaget ved Helsingborg i 1710 og i slaget ved Gadebusch i 1712. Han deltok i kapitulasjonen i Tönningen 16. mai 1713 og vart teken til fange og fengsla på Fredrikshavns kastell. I bitterheit over at han ikkje vart lauslaten etter at det vart betalt løysepengar for han, planla han flukt. Han vart likevel teken og vart sett i ei lita celle med berre nokre plankar til golv over eit vasshol. Etter store lidingar døydde han 23. februar 1717.

Stenbock var son til Gustav Otto Stenbock og gifta seg med Eva Magdalena Oxenstierna. Han fekk tre born.

I 1901 vart det reist eit statue av han på Stortorget i Helsingborg, og dette er ein av dei få ryttarstatuane i Sverige som ikkje er av ein kongeleg person. På statuen held Stenbock eit sverd som eigentleg skulle ha vore retta mot erkefienden Danmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Liljegren, B. (2000). Karl XII: En Biografi. Lund: Historiska Media, s 96. ISBN 91-85377-14-7

Biografiar[endre | endre wikiteksten]

  • Ingvar Eriksson: Karolinen Magnus Stenbock, 2007.
  • Andreas Marklund: Stenbock, Ära och ensamhet i Karl XII:s tid, Historiska Media, Lund 2008, ISBN 978-91-85377-64-0.