Magnus av Øsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øsel (Saaremaa)

Magnus av Øsel (26. august 154018. mars 1583) var ein prins av Danmark-Noreg, hertug av Holsten, konge av Livland. Han var den nest eldste sonen til kong Kristian III og dronning Dorothea av Sachsen-Lauenburg, fødd på Københavns slott.

I 1560 kjøpte kong Fredrik II av Danmark-Noreg bispedømet Øsel-Wiek frå den siste fyrstbiskop Johan von Munchhausen, og underla seg dermed Kuressaare slott. Eigedomane vart gjevne som apanasje til Magnus, som elles bar tittelen hertug av Holsten, mot at han sa frå seg rettane sine i hertugdøma. Under Livlandskrigen gav Danmark frå seg Wiek til Polen mot livlandsk eigedomsrett til Øsel.

Tilhøva i Livland var uryddige i Magnus si tid. Området var delt i seks område, bispedøme under Den tyske orden. Den tyske ordensstaten var i oppløysing og under press fra svensk og russisk side. I byrjinga av regjeringstida si var han ein samlande figur i området. Snart var han herre over stifta Øsel, Reval og Kurland. Men i 1561 gjekk ordensstaten heilt i oppløysing, russarar og svenskar velta inn, og Magnus forvaltningsområde vart innskrenka til Øsel.

I 1573 gifta han seg med brordottera til den russiske tsaren, prinsesse Marie, i håp om støtte og militær hjelp frå Ivan IV av Russland, som krona Magnus til den tomme tittelen konge av Livland. Til sist flykta han til Polen, der han i 1578 gav avkall på dei få landområda han hadde att. Deretter levde han som den polske kongens lensmann i Pilten i Kurland til han døydde der den 18. mars 1583, 43 år gammal. I 1662 vart liket av Magnus sendt til Danmark, og gravlagt på nytt i Roskilde domkyrkje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]