Mainau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slottshagen i Mainau vart hovudsakleg laga av Lennart Bernadotte

Mainau er ei øy i Bodensjøen nær byen Konstanz i Tyskland. Ein stor hage dekkjer det meste av øya.

Øya høyrer til Lennart Bernadotte-Stiftung (Lennart Bernadotte-stiftinga), som vart oppretta av Lennart Bernadotte, tidlegare prins av Sverige og hertug av Småland.[1]. Det er ein av dei største turistattraksjonane i Bodensjøen. Bortsett frå blomar har øya eit flott parklandskap med vakkert utsyn over innsjøen. Her finst òg eit drivhus med tropisk klima og tusenvis av sommarfuglar.

I Mainaubukta ligg det ein segleklubb, og i området kan ein derfor sjå mange små seglbåtar om sommaren.

Fram til den napoleonske mediatiseringa og sekulariseringa av små tyske len, høyrte øya til Den tyske riddarordenen. Ho vart seinare seld som ein privat eigedom. I 1853 kjøpte Storhertug Fredrik I av Baden øya som sin personlege eigedom, og bygde eit sommarslott der. På slutten av den første verdskrigen vart Baden ein republikk der Storhertug Fredrik II, son av Fredrik I, sa frå seg trona. Den tidlegare storhertugen fekk framleis ha sine tidlegare eigedomar, inkludert Mainau. Då han døydde utan born i 1928, gjekk øya vidare til søstera hans, Victoria av Baden, kona til Kong Gustav V av Sverige. Då ho døydde to år seinare testamenterte ho øya til den andre son hennar, Prins Wilhelm, hertug av Södermanland, og etterfølgjarane hans. I 1932 gav Prins Wilhelm Mainau til sitt einast born, Grev Lennart Bernadotte, som eigde øya fram til 1974, då han overførte øya til ei stifting. Grev Bernadotte oppretta Insel Mainau GmbH i 1991, som eit privat selskap for å styre øya til fordel for Lennart Bernadotte-Stiftung. Greven var aktivt med i styret over Mainau fram til han døydde i 2004, men utpeikte kona si, Sonja, som medbestyrar i 2001. I dag driv Sonja, hertuginne Bernadotte af Wisborg, og borna hennar både stiftinga og styret av selskapet.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mainau

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 47°42′18″N 9°11′43″E