Bodensjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bodensjøen
Bodensjøen - Satellittbilete av Bodensjøen.
Satellittbilete av Bodensjøen.
Bodensjøen - Kart over Bodensjøen
Kart over Bodensjøen
Koordinatar 47°39′N 9°19′E
Tilsig Rhinen
Utsig Rhinen
Tilsigsområde 11 500 km²
Tilknytte land Sveits, Austerrike, Tyskland
Største lengde 63 km
Største breidde 14 km
Overflateareal 539 km²
Middeldjupne 90 m
Største djupne 252 m
Vassvolum 55 km³
Hydraulisk opphaldstid 4,3 år
Høgd over havet 395 m
Øyar Mainau, Reichenau, Lindau
Busetnadar sjå liste

Bodensjøen (tysk Bodensee) er ein stor innsjø på Rhinen mellom Tyskland, Sveits og Austerrike.

Bodensjøen vart først nemnd av den romerske geografen Pomponius Mela rundt 43 fvt.. Han merka seg at Rhinen rann gjennom to innsjøar og gav dei latinske namn, Lacus Venetus (i dag Obersee) og Lacus Acronius (i dag Untersee). Plinus den eldre brukte namnet Lacus Brigantinus, er den romerske byen Brigantium (i dag Bregenz). Innsjøen vert òg kalla Den swabiske sjøen.

Innsjøen ligg 395 m over havet og er den tredje største i Sentral-Europa etter Balatonsjøen og Genfersjøen. Han er 63 km lang, og på det breiaste nesten 14 km. Han dekkjer eit areal på om lag 539 km². Det største djupet er 252 m midt i den austlege delen (Obsersee). Volumet er om lag 55 km³. Innsjøen har fire delar: Obersee (hovuddelen, 476 km²), Überlinger See (nord, 61 km²), Untersee (vest, 63 km²), og Zeller See og Gnadensee (nordvest). Den regulerte Rhinen renn inn i innsjøen i søraust ved byen Konstanz og strøymer ut nær Stein am Rhein. Bodensjøen gjev ferskvatn til mange byar sør i Tyskland.

Bodensjøen vart danna av ein isbre (kalla Rhineisbreen) under istida. Elvene Rhinen, Bregenzer Ache og Dornbirner Ache fører sediment frå Alpane til innsjøen, slik at djupet av han gradvis minkar i søraust.

150 yrkesfiskarar fiska om lag 1000 tonn fisk i 2001, noko som var under den gjennomsnittlege fangsten på 1200 tonn dei siste ti åra. Ein aure (Salmo trutta) i Bodensjøen, vart nesten utrydda på 1980-talet på grunn av forureining, men etter at ein har tatt førehandsreglar har fisken vendt tilbake att.

Ei bilferje trafikkerer innsjøen mellom Romanshorn i Sveits og Friedrichshafen i Tyskland, og ei anna ferje mellom Konstanz og Meersburg (begge tyske).

Geografisk kuriositet[endre | endre wikiteksten]

Dampbåt på Bodensjøen.

Det finst ingen bindande avtalar mellom landa for kor landegrensene i Bodensjøen går. Sveits meiner at grensa skal gå i midten av innsjøen, medan Austerrike meiner at innsjøen bør vere eit kondominat mellom dei tre landa. Tyskland har ingen klare meiningar. Rettspørsmål vedrørande skipstransport og fiske er regulert i separate avtalar.

Det har naturlegvis oppstått tvistar. Ei sak omhandla ein husbåt som var ankra opp i to forskjellige land, og ei anna sak omhandla fiske i Bregenzbukta.

Flaumar[endre | endre wikiteksten]

  • Den såkalla «hundreårets flaum» tidleg på sommaren i 1999 heva nivået i innsjøen med to meter, og oversvømde hamner, bygningar og hotell.
  • Seint i august 2005 førte kraftig regn til at nivået steig med 70 cm på eit par dagar. Regnet skapte flaum over store område og vaska bort motorvegar og jarnbanelinjer.

Øyar i innsjøen[endre | endre wikiteksten]

Byar rundt Bodensjøen[endre | endre wikiteksten]

Utsyn frå Pfänder over Bregenz og innsjøen (med Lindau i bakgrunnen).

Austerrike[endre | endre wikiteksten]

Tyskland[endre | endre wikiteksten]

Reichenau sett frå den tyske sida.

Sveits[endre | endre wikiteksten]

Skumring nær Arbon.
Untersee, ein del av Bodensjøen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bodensjøen