Maisons-Alfort
| Maisons-Alfort | |||
| kommune | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Île-de-France | ||
| Departement | Val-de-Marne | ||
| Areal | 5,35 km² | ||
| Folketal | 56 799 (1. januar 2023)[1] | ||
![]() Maisons-Alfort 48°48′21″N 2°26′16″E / 48.805833333333°N 2.4377777777778°E | |||
| Wikimedia Commons: Maisons-Alfort | |||
Maisons-Alfort er ein kommune i dei søraustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 8,4 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus og om lag 55 000 innbyggjarar.
Maisons-Alfort er kjend for Den nasjonale veterinærskulen i Alfort, veterinærskulen med best rykte i Frankrike. Fort de Charenton vart konstruert mellom 1841 og 1845 og har sidan 1959 husa Commandement des Écoles de la Gendarmerie Nationale.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Opphavleg var Maisons-Alfort berre kalla Maisons. Namnet Maisons kjem frå det mellomalderlatinske ordet Mansiones, som tyder «husa».
Då kommunane vart oppretta under den franske revolusjonen vart namnet til grenda Alfort tatt med i lag med Maisons for den nye kommunen. Namnet Alfort kjem frå godset som vart bygd her av Peter av Aigueblanche, biskopen av Hereford (England), på midten av 1200-talet. Namnet på dette Godset av Hereford endra seg etter kvart til Harefort, så Hallefort og til slutt Alfort.
Historie
[endre | endre wikiteksten]1. april 1885 vart 40 % av områda i Maisons-Alfort ein del av kommunen Alfortville.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Populations de référence 2023 (på fransk), Institut national de la statistique et des études économiques, 18. desember 2025, Wikidata Q137545422
