Majak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Satelittkart over Majakanlegget

Produksjonselskapet Majak (russisk Производственное объединение «Маяк» Proizvodstvjennoje objedinjenije «Majak», av маяк majak «fyr») er eit av dei største atomanlegga i Russland og består av reaktorar der plutonium vert produsert og av opparbeidingsanlegg. Anlegget ligg 150 km søraust for byen Jekaterinburg, mellom Kasli og Tatysj, og 72 km vest for Tsjeljabinsk. Oziorsk, ein stengd by like ved anlegget, husar arbeidarane ved anlegget og var tidlegare kjend under namna Tsjeljabinsk-40 og Tsjeljabinsk-65.

I 1957 fann Kysjtymulukka stad på Majak. Det var ei av dei verste atomulukkene i historia. I katastrofen eksploderte ei dårleg vedlikehalden lagringseining, som førte til eit utslepp av 50-100 tonn radioaktivt avfall. Den radioaktive skya forgifta eit ovstort område på 750 km² i austlege delar til Uralfjella. Ulukka vart halden skylt i tretti år og er rekna som den tredje mest alvorlege blant atomulukker, etter Tsjernobylulukka og ulukka på Fukushima I kjernekraftverk i Japan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!