Maktoum bin Rashid Al Maktoum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maktoum bin Rashid Al Maktoum
Fødd 1943
Dubai
Død 4. januar 2006
Gold Coast i Queensland
1. verv President i Dei sameinte arabiske emirata (fungerande)
 - periode 2004-2004
 - føregjengar Zayed bin Sultan Al Nahayan
 - etterfylgjar Khalifa bin Zayed Al Nahayan
2. verv Statsminister i Dei sameinte arabiske emirata
 - periode 1971-1979
 - etterfylgjar Rashid bin Said Al Maktoum
3. verv Statsminister i Dei sameinte arabiske emirata
 - periode 1990-2006
 - føregjengar Rashid bin Said Al Maktoum
 - etterfylgjar Mohammed bin Rashid Al Maktoum

Sjeik Maktoum bin Rashid Al Maktoum (19434. januar 2006) var ein visepresident og statsminister Dei sameinte arabiske emirata, i tillegg til å vere emiren av Dubai.

Maktoum var fødd i Dubai. Han vart statsminister for fyrste gong frå 9. desember 1971 til 25. april 1979, då han vart bytta ut med far sin, sjeik Rashid bin Saeed Al Maktoum. Då faren døydde 7. oktober 1990 vart han nok ein gong statsminister, og tok òg over rolla som overhovud i Dubai. Han beheldt begge desse stillingane fram til han døydde 4. januar 2006.

Maktoum var òg fungerande president i Dei sameinte arabiske emirata i ein veldig kort periode, frå 2. til 3. november 2004, dvs. i perioden etter sjeik Zayed bin Sultan Al Nahayan sin død og sjeik Khalifa bin Zayed Al Nahayan vart utnemnd til president, 4. november 2004.

Maktoum døydde morgonen 4. januar 2006 av eit hjarteinfarkt medan han var på besøk i Australia. Bror hans, sjeik Mohammed bin Rashid Al Maktoum, tok over som overhovud i Dubai.