Emir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emiren av Bokhara i 1911, fotografert av Sergei Prokudin-Gorski.

Emir (gjennom tyrkisk emir frå klassisk arabisk أمير [amīr], ‘leiar’) er ein historisk adeleg tittel i muslimske nasjonar i Midtausten og Nord-Afrika.

På arabisk og farsi er ei anna tyding av ordet «emir» prins, meir nøyaktig, den mannlege etterkomaren av ein monark. Det kunne også tyde «kronprins». I denne tydinga er eit land som er styrt av ein emir kalla eit emirat, som Dei sameinte arabiske emirata.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg vart tittelen brukt som ein heiderstittel gjeven til etterkomarane til profeten Muhammed via dottera hans, Fatima Zahra. Fleire hundreår etter Muhammed vart tittelen brukt i ei vidare tyding, som til dømes tittelen brukt av høvdingar av beduinane i Arabia og av adelsmenn og tenestemenn i Det osmanske riket.

Avleia ord[endre | endre wikiteksten]

Tittelen mir og mirza, son av ein mir, er avleia av emir.

Den vestlege marinegrada admiral kjem frå det arabiske uttrykket amir al-bahr, «sjøkommandør».

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Kalifen brukte tittelen amīr ul-mu’minīn, «leiar av dei trufaste».

Hamid bin Khalifa Al-Thani, emiren av Qatar.

Emir er også omgrepet brukt av det kuwaitiske al-Sabah-dynastiet for å vise til deira herskande monark sidan sjølvstendet 19. juni 1961. Qatar har på same måte brukt tittelen sidan 1971 og Bahrain gjorde det frå 1971 til 2002.

Føre kong Abdullah av Jordan, son av kong Hussein, vart krona, vart han vist til som «emir Abdullah».

Ordet emir vert også brukt mindre formelt for leiarar i enkelte samanhengar — til dømes vert leiaren av ei gruppe pilegrimar til Mekka kalla emir hadji.

Emir som namn[endre | endre wikiteksten]

Amir og Emir er vanlege muslimske mannsnamn. Amir blir òg brukt av sefardiske jødar.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]