Maldiskusjon:Bokmål

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av --Gunnernett 19. april 2006 kl. 16:10 (UTC) (UTC)

om tilvisningar mellom :nn og :no[endre wikiteksten]

Dette er den nynorske varianten av eit framlegg eg fremja på :no i motsett form: Eg har ein tanke om tilhøvet mellom nynorsk og bokmålswikipedia som eg gjerne vil lufta her. Eg er framleis ein relativt ny wikipedant (omtrent eit halvt år no), og må ta høgde for at forslaget mitt kanskje alt har blitt diskutert og nedstemt før mi tid. Uansett: Det fins no to norske wikipedier, nynorsk og bokmål. Eg syns kanskje det hadde vore best å bare ha ein, men gjort er gjort, no har me to. Bokmål er den klart største, men det fins likevel mange artiklar på nynorsk som er betre enn dei på bokmål, eller som ikkje fins enno på bokmål. Med tid og stunder, i ei ideell verd, kjem alt godt innhold på bokmål til å bli omsett til nynorsk og vice versa. Men enn så lenge har eg dette framlegget:
Opprett ein mal, t.d. mal:bokmål, som kan settast inn i artiklar som er spirer eller ikkje-eksisterande på nynorsk, men som har gode artikler på bokmål, som inneheld ein pekar til artikkelen på bokmål. Ordlyden kan for eksempel vera:
"Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. Ellers kan du lesa ein lenger artikkel om dette temaet på bokmåls-wikipedia ved å klikke her"
Eg har fremja tilsvarande forslag i motsatt retning på bokmåls-wikipedia. Eg forstår at det ikkje er vanlig praksis å linke på denne måten mellom wikipediaer, men eg vil påstå at tilhøvet mellom nynorsk og bokmål kjem i ei særstilling, noko som òg går fram av interwiki-lenkene nede til venstre i ein kva som helst artikkel - både nynorsk og bokmål er primært norsk, med (nynorsk) eller (bokmål) i parentes. Alle som kan lesa bokmål kan lesa nynorsk, og vice versa. Me må berre innsjå at mange artiklar som fins på nynorsk-wikipedia for tida er svært korte, slik som til dømes Påskeøya, heller stusselig i forhold til no:Påskeøya. Ein tilvisning til bokmålsartikkelen frå den nynorske sida vil vel òg kunne verka som ein spore for å få omsett artikkelen til nynorsk, samstundes som han vil visa lesaren at det ikkje er naudsynt å gå til engelsk wikipedia for å få informasjon. Dessutan håpar eg at tilsvarande mal vil innførast på :no, noko som i høg grad vil hjelpa til å synleggjera dei kvalitetsartiklane me har på :nn, som altfor få no får lest fordi dei sannsynlegvis ikkje tenkjer tanken å leita på nynorsk etter noko dei ikkje har funne på bokmål. Eg meiner ein slik mal ville vera ein styrke for norsk wikipedia, uansett målform. (Barend 13. april 2006 kl. 14:29 (UTC))

Som det har vorte kommentert på no:Tinget ville eit slikt system vera noko arbeid med å vedlikehalda. Men kanskje det går an å leggja inn i spire- malane ei oppmoding om å sjå eller omsetja frå bokmål eller andre wikispråk? Når det gjeld dette med tilhøvet mellom nynorsk og bokmål, så var det særs få som skreiv på nynorsk den gongen no: var sams for alle norske målformer. Det er vel ikkje til å stikka under ein stol at mange på no: helst hadde sett at færrast mogleg skriv på nynorsk. Jamfør ein kommentar i ordskiftet om wikipedia.no på no:Tinget: "Jeg ser overhodet ingen grunner til å ødelegge omdirigeringen, og er lut lei av nynorskdusinet og deres enorme, destruktive innflytelse." Så det er utfordringar med eit samarbeid ... --Gunnernett 16. april 2006 kl. 13:51 (UTC)

Slutt på tekst flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av --Gunnernett 19. april 2006 kl. 16:10 (UTC) (UTC)

Eg flytta teksten ovanfor frå Samfunnshuset. Mal:Bokmål er ei omsetjing av Mal:Nynorsk på no:, der laga som eit utkast av Barend. Spørsmålet er: kan me ha bruk for ein slik mal? --Gunnernett 19. april 2006 kl. 16:10 (UTC)

Malen vart kjapt teken i bruk! Eit døme på bruk av malen kan sjåast på Nauru --Gunnernett 19. april 2006 kl. 16:17 (UTC)
Tilsvarande debatt på :no har vore livlig og førte til krav om avrøysting, som endte 11-12 mot med 6 nøytrale. Eg meiner tanken likevel ikkje bør skrinleggjast heller ikkje på :no. Argumentasjon om at malen er "vedlikehaldskrevjande" blir mykje brukt, noko eg håpar nokon kan forklara for meg, for det forstår eg rett og slett ikkje. Debatten her på :nn ser ut til å ikkje vera fullt så livlig, anser folk mal:bokmål som unkontroversiell? (Barend 18. mai 2006 kl. 11:57 (UTC))
Det virkar som om mal:bokmål er heilt ukontroversiell her. Etter å ha lese argumentasjonen på no: verkar det som mange trur at det skal stå at ein artikkel er "betre" på nn: Det gjeld vel berre at artikkelen er lengre eller meir utfyllande? --Gunnernett 18. mai 2006 kl. 15:17 (UTC)
Eg ser vel ikkje heilt poenget med ein sånn mal. Viss ein les ein kort artikkel om noe ein er interessert i er det fyrste ein gjør (dvs. eg gjør) å klikke på interwikilenkjene for å sjå om artikkelen på bokmål eller engelsk er meir utfyllande. Viss vi tar i bruk denne malen vil veldig mange sider få den, noe som verkar rotete. --KRISTAGAα-ω 18. mai 2006 kl. 15:46 (UTC)
Vel, ja. Men det er no slett ikkje alltid artiklane på bokmål er noko meir enn ein kort stubb heller, og det gir ikkje interwikilenkja noko informasjon om. Men eit viktig poeng, synest eg, er at malen vil gi oss ei liste over artiklar på bokmål som er verdige omsetjing frå bokmål til nynorsk (berre ein klikkar på "lenkjer hit" på mal-sida. Slik omsetjing går jo stort sett ganske raskt og greit, og dermed veks :nn i kvalitet, ikkje berre i kvantitet. (Barend 18. mai 2006 kl. 17:11 (UTC))
Ja, nettopp! Det er bra for både nn og nb å ha ein slik mal for bruk i samband med særleg gode artiklar på «hine luten». Men når Bokmålswikipediaen med svært knapt fleirtal har avgjort at dette vart for skummelt, så blir det vel til at Nynorsk Wikipedia haustar alle fordelane ved å ha slike påminningar om gode omsetjingskandidatar... :] Olve 19. mai 2006 kl. 02:58 (UTC)
Ein annan grunn til at eg er mot denne malen er at malboksar gjør sidene rotete, sjå t.d. Latvia. Bedre å holde malbruken (boksbruken) på eit minimum. --KRISTAGAα-ω 21. mai 2006 kl. 20:13 (UTC)
Akkurat dét problemet kan no lett ordnast med å harmonisere utsjånaden på malane. :) Olve 22. mai 2006 kl. 00:29 (UTC)