Maldiskusjon:Dugnad februar 2009

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg stelte i stand ein heidundrande fiaskodugnad i desember månad, so no veit eg nesten ikkje om eg torer å foreslå noko nytt. Då må eg prøve å gjere opp for meg, ved ta tak i noko vi veit var populært ein gong. Vi har hatt ein del suksess med forfattar i august, plantekost i september og kjerneartiklar i juni. Noko sånt som forfattarar generelt og å sette ein kjerneartikkel i stand til å bli ein framtidig Vekas? (Forresten burde ho Amalie Skram vere passande som Vekas til 8. mars, sjølv om ho ikkje er lista som ein kjerneartikkel.) --Krekling 7. februar 2009 kl. 12:04 (CET)[svar]

Dette støttar eg. Amalie Skram skal på framsida i veke 10!, og det er fleire på denne lista som eg gjerne ville presentert der Hogne 7. februar 2009 kl. 17:48 (CET)[svar]
Berre stå på og føreslå, Krekling (og andre som måtte ønska det). Desember er truleg den verste månaden å stella til dugnad i. Men sjølv om ein ikkje får resultat med ein gong, kan det vera at folk får augo opp for manglar, og kjem med bidrag litt seinare. --Ranveig 7. februar 2009 kl. 18:01 (CET)[svar]