Maldiskusjon:Dugnad oktober 2009

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kandidatar til vekas artikkel[endre wikiteksten]

Klypt frå diskusjon om artikkel for veke 39 2009:

Andre lange og spanande artiklar med lite raudt: Huey Long og Dølen. Dei står ikkje på lista, trur eg. Kanskje ho bør overhalast? --Ranveig 17. september 2009 kl. 12:58 (CEST)[svar]
Ja denne lista bør absolutt verte betre. Kanskje det er verdt ein dugnad? Eg meiner at det er sers viktig å ha artiklar her som me kan vere stolte over, samstundes som at dei må vere så interessante at danskane og bokmålsfolka av og til klikkar seg inn når me synest på framsida deira, men den skal og vere inspirerande for nynorske skuleelevar, akademikarar, skrivelystne og andre spesielt interesserte. Me kan ta Huey Long denne gongen, men Fonologi må få kome fram i løpet av hausten. Hogne 18. september 2009 kl. 11:45 (CEST)[svar]

Forslag:

Overhaling av kandidatlista
Målsetjing: få mange nye gode kandidatar til vekas artikkel (30?)
Gjeremål: finn kandidatar som ikkje står på lista, sjå på kandidatane og gjer dei gode nok, fyll inn raude lenkjer.
Undervegs: det er sers viktig å ha artiklar her som me kan vere stolte over, samstundes som at dei må vere så interessante at danskane og bokmålsfolka av og til klikkar seg inn når me synest på framsida deira, men artikkelen skal og vere inspirerande for nynorske skuleelevar, akademikarar, skrivelystne og andre spesielt interesserte.


Kategori heller enn/i tillegg til liste?[endre wikiteksten]

Wikipedia:Vekas artikkel/Kandidatar har fleire problem. Ho går fort ut på dato ved at artiklar blir brukte og ikkje fjerna, eller ved at vurderingane ikkje lenger gjeld. I tillegg er ho vanskeleg å finna i farta om ein kjem over ein artikkel som ser lovande ut. Kva med å bruka ein skjult kategori over «Moglege framsideartiklar» i tillegg til, eller i staden for, kandidatlista vår? Den vil det bli både lettare å legga til og trekka frå. --Ranveig 5. oktober 2009 kl. 13:20 (CEST)[svar]