Dølen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For lokalavisa Dølen som kjem ut i Nord-Fron, sjå Lokalavisa Dølen.
Dølen

Dølen var ei vekeavis gjeve ut av Aasmund Olavsson Vinje. Avisa, som han gav undertittelen «Eit Vikublad», kom ut fyrste gongen sundag 10. oktober 1858, og heldt fram med jamne og ujamne utgjevingar til Vinje døydde i 1870. Dølen var på fire sider, kvar side delt i tre spalter, og kom ut i Christiania. Avisa hadde eit opplag på om lag 500. Dei fire fyrste årgangane vart trykt hos Bergh & Ellefsen, dei fire siste hos H. E. Larsen. Før Dølen var Vinje Kristianiakorrespondent for Drammens Tidende.

Programartikkelen[endre | endre wikiteksten]

Det aller fyrste nummeret av Dølen opnar med «Dølens fyrste Ord». Denne artikkelen grunngjev bladtiltaket, både utifrå samtidige betraktningar og framtidige målsettingar. «Dølen var i lang Tid ein vanvyrd Mann; men, Gud ske Lov, no er den Tid snart ute» er opningsorda. «Det norske Folk er af det danske skakkjøyrt i Munnen», han vil «prøva paa med eit Maal, som ligg midt imellom det norske og danske». Han gjer nærare greie for sitt syn på språk- og åndsutviklinga; «den rette Folkeaand kan ikki koma, før Maalet strøymer ut af Folkets eigi Saal (Sjel), og syngja og dikta kan det heller ikki læra før; og Folket vil soleids ikki hava rette Mergjen imot at forsvenskas eller fordanskas». I politiske spørsmål talar han for måtehald i statsstyringa («Staten den lyt vexa langsamt den», og vil ikkje ha nært samband med Sverige og Danmark.

1. årgang[endre | endre wikiteksten]

Sundag 10. oktober 1858–sundag 16. oktober 1859 (52 nummer). Nr. 30 hadde eit vedlegg i mindre format, vedkomande «Det norske Landsmaals vigtigaste Bøygningsformer».

Vinje sjølv delte innhaldet i den fyrste årgangen i fem emneområde; dikt, innanlandsk politikk, utanlandsk politikk, litteratur og kunst, samt «Blandinger». I den siste kategorien finn ein så vidt ulike artiklar som «Om austlandsk og vestlandsk Upplysning» (nr. 17) og «Songarferdi til Arendal» (nr. 35). Andre artiklar er «Dølens Eventyr» (nr. 2), og «Om Sorg» (nr. 41 og 42). Artikkelen «Om eit Samhald i Ufred millom dei tre nordiske Riki» (nr. 29) er ein politisk artikkel. Vinje melde bøker som kom ut, så som ei nyutgjeving av Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn av P. Chr. Asbjørnsen, og romanen Arne av Bjørnstjerne Bjørnson. Meldinga av Arne er lang, ho gjekk over tre avisnummer (nr. 51. og i andre årgongen nr. 1 og 3). Vinje les «han Arne som ei Skalkeherming (Parodi) paa vaart nationale Stræv i Likning med Wessels sokkelause Kjærleike, daa han ikring aatteti Aar sidan likeins skalkehermde (parodierede) den trutne fransk-tyske Smak, som var komin inn i vaar Bokavl». Bjørnson skal ha mislikt meldinga sterkt. Til brorparten av dei ulike avisutgåvene fekk Vinje prenta eit sjølvskrive dikt, kort eller lite. «Tyteberet» (nr. 26) er det mest kjende. Sist i avisa kom kortare opplysningar, nyheiter, under vignetten Christiania. Desse nyheitene saksa Vinje frå andre aviser, eller han må ha fått dei gjennom munnlege kjelder på byen, mellom anna frå stortingsmenn som hadde brevkontakt heim.

2. årgang[endre | endre wikiteksten]

Sundag 23. oktober 1859–sundag 3. juni 1860 (33 nummer). Nr. 34 kom 9. desember 1860 med «tillæg» (eitt blad). Tingarane fekk i 1861 reiseskildringa «Ferdaminni fraa Sumaren 1860».

I nummera 5 og 6 av andre årgangen tek han behovet for «Politiske Parti» opp til vurdering. Han argumenterer mot danning av politiske parti, då partistrid i Noreg «berre [er] ein Strid mellom Kunna og Faakunna». Den usemja som finst på Stortinget er/bør vere «ein rein aandeleg Strid»; ein strid mellom personar som «meina det vel», alle. I nr. 7 melder han En Digtsamling av J. S. Welhaven, i meldinga går han grundig inn i striden mellom Welhaven og Wergeland. For språksynet sitt polemiserte Vinje mot Aftenbladet og Christiania-posten i to åtskilde artiklar vinteren og våren 1860. I «Aftenbladet um dat norske Maalet» i nr. 15 finn han det utilstrekkeleg med ei språkutvikling som einast tek norske glosar i bruk, utan å endre formverket. Artikkelen «Mi livstru» er eit personleg tilsvar til Christiania-posten, som klandrar Vinje og Dølen for å finne «alt mislykkat i Livet og meg sjølv ikki mindst». Nummer 25 opnar med det særprega essayet «Gjeiti», diktet om «Blåmann» avsluttar essayet. Fleire av Vinjes kjende dikt kom på trykk i andre årgongen, så som «Nordmannskap» (nr. 12) og «Mi gamle Mor!» (nr. 34). Hans aller mest kjende dikt, «Vaaren», stod i nummer 33, utgjeve 3. juni 1860, det siste nummeret før han la ut på ferda til kroninga i Trondheim.

3. årgang[endre | endre wikiteksten]

Sundag 30. mars 1862–12. april 1863 (23 nummer), 25. oktober 1863 og 13. mars 1864. I alt 25 nummer.

Tredje årgangen tok til med om lag same utval av tekstar som dei føregåande. Vinje skriv i nokre nummer om «Krigen i Nordamerika» og over tre fjerdepartar av nummer 8 handlar om «L. Kr. Daa som Universitetslærare». I fleire «Ymse Krav til Dølen» samtalar han med lesarar om innhaldet i bladet, og om styre og stell av bygd og by.

I juli 1862 reiste Vinje til London og England, og Skottland. I eit halvt års tid er Dølen då sterkt prega av stoff frå dei britiske øyane. Tre nummer (12-14) handlar i hovudsak om «London», dei tre neste nummera (15-17) er nesten i sin heilskap vigd Vinjes oppleving av «International Exhibition eller aalmenn Udstilling». Nummera 18-21 er dominert av skotske tilhøve, og særleg «The Glasgow Murder». I artiklane om mordet er han mest oppteken av opinionen sin reaksjon på mordet, og å skildre den juridiske handsaminga av saka, som er kjend som «Sandyford murder case» på engelsk.[1]

Dei siste nummera i tredje årgangen består av lange artiklar om norske, politiske spørsmål. Avispreget forsvinn i tredje årgangen av Dølen, bladet framstår meir som eit tidsskrift.

4. årgang[endre | endre wikiteksten]

Bladmannen Vinje slik han vart framstilt i vittigheitsbladet Vikingen i 1865.

Sundag 1. oktober 1865–7. oktober 1866 (52 nummer. Eit dobbeltnummer 46/47 på åtte sider.)

Etter halvtanna års opphald i bladutgjevinga, opnar Vinje den fjerde årgangen med «Dølen til lesaren». Her fastheld han sitt «Maalstræv» og lovar at «til eg tek til at tigla eller spara paa Tankar vil Dølen koma ut ... sosannt som dei ikki arma meg reint ut, so seer ikki Dølen ut til at vera feig». Fleire ulike idear vert tekne til handsaming i denne årgangen av Dølen. Mellom desse finn ein «Velstandslære» (Statsøkonomi) (nr. 22 og 23), «Sociologi eller Samfundslære» (nr. 37) og «Vaar Nationalitetskamp og vaar Maalstrid» (nr. 44) og «Culturen» (nr.50). I mange artiklar skriv han om Amerika, både om amerikanske tilhøve og om «Utferdi til Amerika».

I nummer 11 tek han til med offentleggjeringa av det episke diktet «Storegut». Til saman 21 utgjevingar av Dølens fjerde årgang opnar med strofar frå denne diktbundelen, den siste i nr. 46/47.

Omtalar av ymse blad- og litteraturutgjevingar finst det fleire av, både norske og utanlandske. Heile nummer 28 er vigd Henrik Ibsen sitt verk Brand, og tre av fire sider i nummer 49 går med til å drøfte «Brandpoesi», både ei forfattarinnstilling («det brann og sveid og rauk af honom, alt til der ingenting var atter af denne Eldsnorten»), og sjølve verket.

5. årgang (Vort Land – Dølens femte Aargang)[endre | endre wikiteksten]

Sundag 10. mars 1867–sundag 28. juli 1867 (21 nummer), 1. september 1867–29. september 1867 (5 nummer). I alt 26 nummer.

Avisa får nytt namn og bladsidene vert delt i to. Øvstedelen (og alltid største delen) inneheld artiklar skrivne på riksmål og nedstedelen ("kjellarane") inneheld stoff skrive på landsmål. Avistrykket i den nye pressa er betre. Riksmålsstoffet er noko strammare redigert, overskrifter som "Naturvidenskab", "Udlandet", "Indlandet" og "Forskjelligt" kjem ofte att. I mange artiklar skriv han om Norden og om skandinavisme, til dømes "Den nyeste skandinaviske Discussion" (nr. 22-23-24).

Forteljinga "Elsk og Giftarmaal" gjekk i dei fleste avisutgåvene frå nummer 3 til 20. I dei tre siste utgåvene i årgangen skriv han "Om ei Fjellferd", her nyttar for fyrste gongen nemninga Jotunheimen, ("Det var so Du kunde ynskja, at Du maatte liva og døy burt i denne Jøtunheimen"). Han skriv "Om Stil" i skriftspråket (nr. 5), om "Krig" (nr. 7) og om "Kvendekrav" (nr. 14 og 15).

6. årgang[endre | endre wikiteksten]

Sundag 2. februar 1868-28. mars 1869 (52 nummer). Avisa får atter namnet "Dølen. Eit Vikublad."

Fyrste nummeret opnar med "Fedraminne" (At Fa´r min kunde gjera), i seinare nummer gjev Vinje prøver på "Stev" og i nr. 39 byrjar han på "eit langt Dikt om ein Mann og hans Liv og deim, han kom i Lag med". Diktet kalla han "Staale". Dette opnar dei aller fleste utgåvene i resten av den 6. årgangen, og heldt fram i den 7. årgangen.

Elles finst døme på dikt på landsmålet av Kristofer Janson, "L. K.", Hans Mo, og Henrik Krohn. Ein, eller fleire, av desse stod bak "Brevsending faa Bergen", lengre artiklar som kom no og då. Ei rekke "Segner fraa Sunnfjord" stammar også frå dette Bergens-miljøet.

Oftare enn i tidlegare årgongar finn ein lesarbrev og innlegg frå lesarar, både på landsmål og på riksmål. Innlegga er gjerne anonymisert ("En Bonde", "s. & f."), sjeldnare under fullt namn. Enkelte er likevel kjende, bak "O. J. Fj." står Olaus Fjørtoft. Denne skriv "Smaarøyn um Maalsaki" i nr. 21, og "Til det norske Samlag" (nr. 22).

I eit fleirtal av utgjevingane skriv Dølen om og kommenterar "Vaar Politik". Sameleis kjem han i ymse "Bladsjaa" med kommentarar til slikt som har stått i andre aviser. Andre artiklar handlar om "Skidløyping" (nr. 3), "Culturen og Maalet" (nr. 6) og "Fatikdomen her i Byen" (nr. 39). Han melder i nr. 42 Den norske Turistforenings aller fyrste årbok og finn ho "Til at vera fyrste Gongen, so er denne Aarsbok utruleg god". Og han skriv i nr. 52 om "Ei ny Salmebok", det anonymt utgjeve debutantarbeidet til Elias Blix.

7. årgang[endre | endre wikiteksten]

Sundag 4. april 1869-sundag 24.oktober 1869 (30 nummer).

Diktet "Staale" held fram i dei fleste utgåvene opp til nr. 16, deretter måtte lesaren vente på framhaldet til nr. 25. Siste strofane i diktet kom i nr. 29.

"Segner i Sunnfjord" er også eit framhald, i den 7. årgangen får dei etter kvart selskap med segner frå Vågå og "Sogur og Segnir fraa Telemarki". Frå tidsskriftet Svein Urædd prentar Dølen artikkelserien "Norske Nomn", innleidd i nr. 19. Avisa rekker å kome fram til namnet Ottar (nr. 27).

Norske politiske tilhøve vert som tidlegare handsama under overskrifta "Vaar Politik", sameleis er vignetten "Bladsjaa" ein gjengangar. Emne som han har vore innom før, vert gjesta på nytt: I "Det skandinaviske Selskap" (nr. 1) ytrar han at "Me kunna forresten rolige lata dette Selskap sigla Sjøen sin", samleis er han vedvarande (i nr. 3) kritisk til utvandring. Artikkelen "Folkeskolar" (nr. 13) drøftar spørsmål kring folkehøgskular og universitetet, ja, opplysning og opplæring i det heile.

I "Forfatterløn til Dølen" (nr. 12) hevdar Vinje at saka er politisk og ikkje litterær, "Mine Motstandarar ero her eit lykkelegt Samband af desse tvo Slags Skandinaver, som anten politisk vil aust til Sverige eller litterært ned til Danmark". Frå svenske publikasjonar har Dølen saksa ulikt stoff, oftast prenta på svensk språk og med latinske skriftteikn, (i motsetnad til Dølens ordinære, gotiske skrifttypar).

8. årgang[endre | endre wikiteksten]

Vinje i Bergen hausten 1869

Sundag 2. januar 1870 - sundag 24. juli 1870 (22 nummer).

Overskrifter som "Vaar Politik" og "Bladsjaa" møter ein mange av, også i 8. årgangen. Tidleg i årgangen prentar avisa også ei og anna "Brevsending fraa Bergen". Vinje sjølv var hausten 1869 i Bergen og heldt eit foredrag "Til Bergenske Handverkarar", prenta i nr. 5 av denne årgangen. Dølen rapporterte frå turen i "Af ei Bergensferd", i tre avisnummer (2-4).

I nr. 3 heidra Vinje "Gamle Ueland" med eit femten strofar langt dikt. Men elles er det få eigenskrivne dikt frå Vinjes hand i den 8. årgangen, ei omsetjing av Schiller sitt dikt "Songen um Klokka" er det poetiske uttrykket som viser mest att (nr. 17,18,19).

Vinje var i februar "I Tønsberg" der han deltok i gravferda til Anton Martin Schweigaard (nr. 7). Under liktalen sat eg "og vreid meg under mine Lidelser", då "eg ikke kan tola den Slags langsam Tale i Gravtonar". I same nummeret (7) av avisa tok ein serie lange artiklar om "Schweigaard" til, den avsluttande artikkelen kom i aller siste nummeret av Dølen. Turen til Vestfold avfødde fleire artiklar om byen der den nemnde gravferda fann stad; "I Tunsberg", "Ishavsfloten" og så eit par om "Larvik".

"Hokke bør vi ynskja skal vinna i denne Krig, Frankrike elder Tyskland?", spør Vinje i siste artikkelen i siste utgåva av Dølen. Om tysdagen, to dagar etter den siste utgåva av avisa kom ut, la Vinje ut på tur til GranHadeland. Om laurdagen døydde han.

Språksyn, skrivemåte, ytringspraksis[endre | endre wikiteksten]

Vinje såg på språket som ein reiskap for tanken og formidling av tankar og meiningar. Hans språklege grunnlag var Ivar Aasens landsmål. Målforma i Dølen er ein varsamt dialekttilpassa variant av den dåverande Aasen-norma. Dølen kom ut på landsmål ettersom Vinje fann denne målforma langt tenlegare, enn det rådande bokspråket, til å spreie sine meiningar, og å få folk til sjølv å tenkje. Målforma i Dølen møtte berre liten motbør.

Skrivemåten, skrivestilen til Vinje i Dølen var nyskapande, med konkrete, overraskande framsyningar og varierte, oftast grundige og gjerne vittige resonnement. Dei lengre artiklane og reportasjane er prega av skiftande vinklingar og utprøvande tankar kring ei sak. Eigenskrivne dikt eller delar av dikt kjem inn som del(ar) av artiklar, ofte med ein funksjon nær eit ordtøke, eller dei framstår som krystalliserte uttrykk for Vinjes tankar. Meiningar vart framsagt med klare poeng og med eit lettfatta ordval. Personar i maktstillingar vart ettergådd og krititisert i utvitydige ordelag. Desse uttrykksmåtane verka særs provoserande på ei borgarleg allmente, vane med ei presse som sjeldan kom med adressert, poengtert kritikk av statsmaktene.

Ytringspraksisen låg i framhaldet av skrivemåten. Eit fritt, tenkjande menneske måtte kunne seie sine meiningar beint fram, utan større omsyn til autoritetar og tilvande tenkjemåtar. I utgangspunktet var ingen tema utelatne, han vil «lata dei særskilde Meiningar om dei mange Verdsens Ting kome til Orde». Artiklane og essaya i Dølen omhandla alle slags emne, frå politikk til estetikk, frå språk og litteratur til næringsutvikling og frå kulturspørsmål til fest-samkomer.

Alle årgangane av Dølen vart utgjevne i faksimileutgåver i fire band i 1970-72.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. en:Sandyford murder case på Engelsk Wikipedia