Maldiskusjon:Sør-Trøndelag fylke

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Inndeling av Sør-Trøndelag[endre wikiteksten]

Såg kommentaren frå Olve i historikken no etter at eg fjerna nokre kommunar frå Fosen-kategorien. Er einig i at det er vanskeleg å dele inn fylket. Mange vil høyre til i fleire kategoriar, og det kan vera usemje innad i kommunen om kva veg ein skal rette seg. Eksempel på det siste er heimkommunen min; Skaun. Dei som kjem frå Buvika ønskjer å orientere seg i retning Melhus, resten av kommunen i retning Orkdal.

Éi mogleg inndeling av Sør-Trøndelag kan vera:

  • Fjellregionen: Holtålen, Oppdal, Rennebu, Røros, Selbu, Tydal
  • Fosen: Bjugn, Osen, Rissa, Roan, Ørland, Åfjord
  • Gauldalen: Melhus, Midtre Gauldal
  • Orkdalsregionen: Agdenes, Hemne, Meldal, Orkdal, Skaun, Snillfjord
  • Trondheimsregionen: Klæbu, Malvik, Trondheim
  • Øyregionen: Frøya, Hitra

Trur nok dette er ei inndeling flesteparten av sør-trønderane vil kunna kjenne seg att i. Er i tvil om Holtålen da, men blir best i Fjellregionen. Ser at det kan sjå ut som om Fjellregionen er ein liten oppsamlingskategori for dei som fell utanfor, men... Kanskje er det like greitt å berre late vera å dele inn resten av fylket. Men inndelinga av Fosen (halvøya nord for Trondheimsfjorden) er uansett grei. --Erlend 22. juli 2005 kl. 20:16 (UTC)

Mnja... Eg lyt rette på deg her: Landskapet Fosen er no ikkje det same som Fosenhalvøya, da... Fosenhalvøya (som ikkje er eit landskap) omfattar kommunar som hører til landskapa Fosen, Namdal(en) og Innherred. Landskapet Fosen (det tidlegare Fosens fogderi) omfattar definitivt Agdenes, Hemne, Snillfjord, Hitra, Frøya osv. - Olve 23. juli 2005 kl. 00:25 (UTC)
Det kan elles nemnast at PPT i Sør-Fosen dekkjer kommunane Hitra, Frøya og Snillfjord. RissaFosenhalvøya er forresten historisk/kulturelt/språkleg sett meir uviss som del av landskapet Fosen. -- Olve 23. juli 2005 kl. 00:33 (UTC)
Tak gjerne ein titt her for eksempel på definisjon av Fosen som landskap. -- Olve 23. juli 2005 kl. 00:39 (UTC)
Hmmm... Da vil eg heller vera meir diplomatisk enn deg og seie at vi har rett på kvar vår måte, berre at vi legg ulike tydingar av Fosen til grunn. Du meiner landskapet Fosen frå mellomalderen og framover, mens eg meiner regionen i dag og halvøya. Det er nok sånn at når det står Fosen i malen, vil 98% av sør-trønderane tenkje på regionen, og sperre opp augo dersom det står at Hemne osv. er ein del av Fosen. (Veit ikkje kven dei siste 2%-a er, for har aldri høyrt nokon meine noko anna før du her no. Skriv berre 98 for å vera sikker). Desse landskapa kan ikkje brukast for å dele inn Sør-Trøndelag, slik dei kan brukast for å dele inn Møre og Romsdal, for namnebruken har ikkje heldt seg på den måten her. Når vi seier Fosen i dag, meiner vi kommunane som ligg på Fosenhalvøya. Likevel, for at vi skal bli einige, er det vel best å berre fjerne Fosen-namnet frå malen. Så da gjer eg det. --Erlend 24. juli 2005 kl. 20:58 (UTC)
Dersom du òg vil sjå på ei nettside, kan du jo f.eks. sjå på fosen.net. --Erlend 24. juli 2005 kl. 21:01 (UTC)
Ja, den nettsida kjenner eg da til — om du slår opp på Fosenregionen (med omdirigering frå regionen Fosen) — der ho hører heime, så vil du sjå at eg faktisk har inkludert ho under eksterne lenkjer.
«Da vil eg heller vera meir diplomatisk enn deg»... Kallar du dét diplomatisk...? ;-) Nåja.
Oppgåva vår er ikkje å skrive det folk veit eller trur dei veit. Om 98 % (eller 99 % eller 51 % eller 2 %) meiner A eller B er mindre interessant enn å vise til faktiske data som støttar A og/eller B.
Som landskap er Fosen 100 % eintydig. Som moderne region — som ikkje er det same som landskap — ligg Fosenregionen[1] Regionen Fosen[2] både i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylke og er følgjeleg lite eigna for bruk i ein fylkesmal for Sør-Trøndelag... Ser du logikken her?
Moderne regionsinndeling er generelt flytande, ofte fleirtydig og går gjerne på tvers av fylkesgrenser. Snillfjord hører med til både Sør-Fosen og Orkdalsregionen. Hemne hører til både Orkdalsregionen og Hemne-Snillfjord-Aure (NIBR-rapport 2002:20). Aure kommune hører til både Nordre Nordmøre og Hemne-Snillfjord-Aure.
Konklusjonen din er å berre fjerne all underdeling av fylkesmalen. Det kallar eg verken diplomatisk eller konstruktivt.
Eg vil føreslå at vi arbeider vidare frå fylkesmalen med landskapsinndeling. Vi kan gjerne underdele landskapet Fosen om vi kan finne noko dekkjande namn på dei to delane.
Eg vil òg føreslå at vi finn ut meir om rettsinndelinga: Sør-Trøndelag fylke var inntil nyleg delt inn i fire sorenskrivarembete utanom sjølve Trondheim:
  1. Midt-Trøndelag sorenskrivarembete
  2. Fosen sorenskrivarembete
  3. Gauldal sorenskrivarembete
  4. Orkdal sorenskrivarembete
Om nokon kan finne ut kva kommunar kvart sorenskrivarembete inkluderte, så er dette allereie eit godt steg på vegen til å finne ei god underinndeling av fylket — ikkje sant...?
Fosen tingrett/Fosen sorenskrivarembete: «Rettskretsen til Sorenskriveren i Fosen omfatter kommunene Hitra, Frøya, Ørland, Bjugn, Åfjord, Roan, Rissa og Osen.»[3]
Sør-Trøndelag tingrett: «Rettskretsen omfatter kommunene Selbu, Tydal, Malvik, Klæbu, Skaun, Midtre Gauldal, Melhus, Holtålen, Røros, Orkdal, Oppdal, Rennebu, Hemne, Snillfjord, Agdenes og Meldal.» [4]
Andre nyttige tiltak vil vera å finne ut inndelinga i prosti, historielag osv. -- Olve 24. juli 2005 kl. 22:21 (UTC)
Men kvifor skal me nå dela inn fylkesmalen? Det passar når det gjeld Møre og Romsdal, som har mange kommunar som veit kvar dei høyrer heime. Men når definisjonane er uklare, til og med for lokale folk, kan eg ikkje sjå nokon grunn til å forvirra med å plassera kommunar innan historiske eller noverande landskap. Då er det mykje meir interessant med peikarart til og artiklar om desse landskapa i kvar kommuneartikkel. -- Ranveig 24. juli 2005 kl. 22:59 (UTC)
Nja... I dette tilfellet er det faktisk både historisk og språkleg eit mesta like skarpt skilje mellom landskapet/fogderiet Fosen og resten av Sør-Trøndelag som det er mellom Nordmøre og Romsdal. Eg synest det er mykje lettare å finne fram i Mal:Nordland, Mal:Møre og Romsdal og Mal:Sogn og Fjordane etter at landskapsinndelinga har gjort om den «uendelege» alfabetiske kommunelista til ei geografisk underdelt liste. Men smaken er no delt da... :] Eg synest det er trist om vi ikkje skal kunna ha ei underinndeling her, men om det berre blir ufred av det, så er det vel ikkje så mykje vi kan gjera... :-( Ein annan sak er at vi sjølvsagt bør ha grundige og velunderbygde artiklar om dei ulike underdelingane uansett kva vi kjem fram til (eller ikkje kjem fram til) her. Eg har begynt litt på dette med Fosen, Fosen (fleirtyding) og Fosenregionen — etter kvart bør vi òg ha Fosenhalvøya, Sør-Fosen, Hemne-Snillfjord-Aure, Orkdalsregionen osv. :) Olve 25. juli 2005 kl. 06:17 (UTC)
Syntest du ikkje det var diplomatisk å ta bort det vi var ueinig om i staden for å tvihalde på min versjon? 0:) (<-englefjesing) Jaja, beklagar, men eg tykte det var greiast da... I forhold til å finne fram, trur eg nok det kan vera like greitt at Sør-Trøndelag-malen ikkje er inndelt. Det er lettare å finne ein kommune alfabetisk enn å leite seg fram til ein uvant kategori. Elles: Veldig fine artiklar om dei ulike tydingane av Fosen! Ros for det! (Lurer på om Fosenregionen og regionen Fosen er det same, ser at det er berre eit av søketreff som har tatt med Verran attåt i regionen Fosen. Det er truleg ei blingsing av lokalnett.no.) --Erlend 26. juli 2005 kl. 18:25 (UTC)