Hopp til innhald

Malgobek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malgobek
Малгобек
by
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Ingusjetia
Areal 17 km²
Folketal 37 999 (2024)
Grunnlagd 1933
   Bystatus 1939
Retningsnummer 873462
Kart
Malgobek
43°31′00″N 44°35′00″E / 43.516666666667°N 44.583333333333°E / 43.516666666667; 44.583333333333
Wikimedia Commons: Malgobek

Malgobek (russisk Малгобек, ingusjetisk МагIалбике – Maġalbike) er ein by i Republikken Ingusjetia i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 45 km nordvest for republikkhovudstaden Magas.

Malgobek vart grunnlagt i 1935 som ein busetnad for arbeidarar ved dei nyleg oppdaga oljefelta i nærleiken. Han fekk bystatus i 1939.

Under andre verdskrigen vart Malgobek okkupert av tyske troppar frå 12. september 1942 til 3. januar 1943, då han vart erobra attende av den raude armeen.

I løpet av 1990-talet vart folketalet dobla på grunn av flyktningar frå krigsområda i naborepublikken Tsjetsjenia.

Forutan oljeverksemda til selskapet Ingusjneftegasprom finst verksemder innan treforedling og næringsmiddelindustri.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Malgobek