Hopp til innhald

Magas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magas
Магас
by
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Ingusjetia
Høgd 560 m
Areal 12,63 km²
Folketal 10 333 (2019)[1]
Grunnlagd 1995
   Bystatus 2000
Postnummer 386000, 386001
Retningsnummer (+7) 87345
Kart
Magas
43°10′00″N 44°49′00″E / 43.166666666667°N 44.816666666667°E / 43.166666666667; 44.816666666667
Wikimedia Commons: Magas

Magas (russisk Мага́с) er hovudstaden i Republikken Ingusjetia i Russland. Han ligg rundt 1500 km søraust for Moskva.

Byen vart grunnlagt i 1995 og erstatta Nazran som hovudstad i republikken i 2002.

Presidentpalasset i Ingusjetia.

Republikken Ingusjetia vart eit eige føderasjonssubjekt i Russland i 1992, etter å ha vorte skilt ut frå den tidlegare sovjetrepublikken Tsjetsjenia-Ingusjetia. Nazran, den største av dei tre byane i den nye republikken, vart gjort til mellombels hovudstad, men eigna seg dårleg til formålet.

I 1995 grunnla derfor president Ruslan Ausjev den nye byen Magas berre nokre få kilometer sør for Nazran og kalla han opp etter mellomalderbyen Maghas. Den nye byen var meint å tene berre administrative formål. Presidentpalasset og regjeringsbygningen vart bygt i ein rik orientalsk stil og eit forretningsdistrikt er under oppføring. Ein reknar med at byen kan huse rundt 30 000 innbyggjarar i framtida.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Magas