Mandarinspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå og mandarin (fleirtyding)
Mandarin
(官話/官话 guānhuà)

Mandarinspråk

Klassifisering: Sino-tibetanske språk
 Sinittisk
Bruk
Mandarintalande i alt: 955 millionar (2010)[1]
Språkkodar
ISO 639-3: cmn
Mandarintalande område

Mandarin er ei gruppe kinesiske dialektar tala i større delar av nordre og sørvestre Kina. Omgrepet byggjer på embetsmannsspråket brukt som standardspråk av kinesiske embetsmenn (kjend som «mandarinar» i Vesten) frå ulike geografiske område.

Med mandarin meiner ein vanlegvis standardkinesisk bruka i daglegtale, som byggjer på Beijing-målet.[2] Den lingvistiske definisjonen av mandarin inkluderer derimot eit stort tal nordkinesiske dialektar som seg imellom ofte er uforståelege. Denne definisjonen blir sjeldan brukt av innfødde talarar for å beskrive språkidentiteten sin, og enkelttalarar er ikkje alltid klar over den mykje breiare lingvistiske definisjonen. I staden brukar dei namnet på den dialekten dei sjølv reknar å ha tilhøyrsel til, til dømes sichuandialekten eller nordaustkinesisk. Det finst ikkje noko felles identitet som foreiner samtlege talarar av mandarindialektar, sjølv om kjensla av regional identitet ofte er svært sterk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nationalencyklopedin «Världens 100 största språk 2010»
  2. Mandarin: dialekt (2012, 13. mars), Store norske leksikon. Henta 6. oktober 2013.