Manglerud Senter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manglerud Senter

Framsida av senteret
Kart
Manglerud Senter
59°53′51″N 10°48′49″E / 59.89740806°N 10.81357194°E / 59.89740806; 10.81357194

Manglerud Senter er eit kjøpesenter i bydel Østensjø i Oslo. I 2011 hadde senteret ei omsetning på 717,8 millionar kroner og er eigt av OBOS Forretningsbygg AS. Senteret vart opna den 26. septemberen 1966, og var då eit av dei største handelssentruma i landet.[1] Senteret gjekk gjennom ei ombygging i 2001.

Det er totalt 60 leigetakarar på senteret, mellom anna interiør- og motebutikkar, legesenter, tannhelsesenter, fysikalsk institutt, apotek, Vinmonopol, bilverksted og trafikkskole.[2] Senteret ligg sentralt i bydel Østensjø ved Ringvegen, der det er kort veg til buss og T-bane. Der òg to store daglegvarebutikkar på senteret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Benum, Edgeir (1994) Oslo bys historie – Byråkratienes by : fra 1948 til våre dager, side 47. Cappelen, Oslo. ISBN 82-02-12305-4
  2. Butikker Arkivert 2012-08-18 ved Wayback Machine. - manglerudsenter.no

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]