OBOS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
OBOS


Den gamle OBOS-logoen er å sjå på mange bustadsblokker i Oslo. OBOS-logen er ikkje den same i dag.
Org.formBoligbyggelag
Org.nr.937052766
BransjeBoligbyggelag
Skipa19. august 1929
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttps://obos.no (norsk)
Det fyrste OBOS-burettslaget, Etterstad 1 på Etterstad i Oslo, vart bygd i 1931.

OBOS er eit bustadbyggjelag, det vil seie eit partslag med føremål å byggje og administrere bustader for medlemane sine, partseigarane. Bustadsbyggjelaget OBOS, som med tida har vorte eit konsern med fleire dotterselskap, har hovudkontor på Hammersborg i Oslo og avdelingskontor i Fredrikstad, Hamar, Stavanger, Bryne, Tønsberg, Bergen og Trondheim.

OBOS var opphavleg eit bustadbyggjelag for Oslo, skipa 19. august 1929 som Oslo og omegn Bolig- og Sparelag (OOBS) av leiaren for bygningsarbeidarorgansiasjon i Oslo, Martin Strandli, saman med arkitekt Jacob Christie Kjelland. I 1935 endra bustadbyggjelaget namnet til Oslo Bolig- og Sparelag, avstytt til OBOS, samstundes som det vart gjort avtale med Oslo kommune om at OBOS skulle stå for bustadbygginga i Oslo som eit organ for kommunen. I samband med at grannekommunane Oslo og Aker vart slege saman som ei utviding av Oslo, vart avtalen lengd i 1948, og Aker boligbyggelag innlemma OBOS.

Frå 2014 er OBOS BBL det offisielle namnet på bustadbyggjelaget, etter at verksemda hadde vorte utvida både geografisk og når det gjeld forretningsområde. Bustadbyggjelaget er no eit konsern med dotterselskap som har store lutar av Sør-Noreg som område for verksemda si, òg femner om hotellbygningar og fleire kjøpesenter. OBOS har vorte slege saman med lokale bustadbyggjelag kringom i Sør-Noreg, til dømes Tønsberg og Nøtterøy BBL, Fredrikstad og Omegn Boligbyggelag, Hetland Boligbyggelag, Jæren Boligbyggelag, Hamar og Omegn Boligbyggelag, og har kjøpt ferdighusprodusenten Block Watne, skipa dotterselskapa OBOS-Banken, OBOS Forsikring, Obos Eiendomsforvaltning AS, Fornebu Utvikling AS, Basale AS, Gårdpass AS, Hammersborg Inkasso AS, Hammersborg Regnskap- og Innbetalingsservice AS, Megleroppgjør AS, OBOS Eiendomsdrift AS, OBOS Nye Hjem AS, OBOS Hetland Nye Hjem AS, OBOS Utleieboliger AS, OBOS eiendomsmeglere AS, OBOS Energi AS, OBOS Forretningsbygg AS, OBOS Håndverksenter AS, OBOS Prosjekt AS, OBOS Skadeforsikring AS, Oslogarasjene AS, Fobbl Service og Omsorg AS, Østfold Prosjekt AS.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Bjørnsen, 2007, Hele folket i hus : OBOS 1929-1970, Oslo: Boksenteret, OBOS ISBN 9788299058858

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]