Manta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn mot hamna i Manta.
(Foto. Martin Zeise, Berlin)

Manta er ein mellomstor hamneby ved Stillehavskysten i Ecuador. Han ligg i Manabíprovinsen og var ein handelsby i førkolumbisk tid. I dei siste 50 åra har folkesetnaden i byen vokse til 200 000. I dag er tunfiske den viktigaste næringa for byen. Byen har òg turisme og kjemisk industri. Ein internasjonal lufthamn, Eloy Alfaro international ligg ved byen og her er òg ein relativt stor skipshamn.

Ecuador har gått inn i ein avtale med Sambandsstatane om å gje løyve til Sambandsstatane til å nytte lufthamna i Manta som base for overvakingsflygingar mot narkotikatrafikk. Avtalen var ein av mange forhold som reiste folkeleg motstand mot den tidlegare presidenten i landet, Lucio Gutiérrez. Den 20. april 2005 måtte Gutiérrez rømme frå landet etter sterke demonstrasjonar og motstand i kongressen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]