Manuel Göttsching
Hopp til navigering
Hopp til søk
Manuel Göttsching | |
Fødd | 9. september 1952 (68 år) Berlin |
Yrke | gitarist, komponist |
Manuel Göttsching (fødd 9. september 1952) er ein tysk musikar og låtskrivar.
Som leiar av gruppa Ash Ra Tempel og Ashra, ein av dei mest kjende tyske gruppene i 1970- og 1980-åra, i tillegg til karrieren som soloartist, har han vore ein av dei viktigaste gitaristane innan sjangeren Kosmische Musik. Han deltok òg i innspelingane til Cosmic Jokers. Stilen og teknikken hans har påverka mange artistar innan ambient musikk påverka av Brian Eno og Berlin-skulen i elektronisk musikk i 1980- og 1990-åra. Albumet hans frå 1984, E2-E4, har vore ei inspirasjonskjelde i utviklinga av house og elektronisk musikk generelt.
I 2000 gav Göttsching og Klaus Schulze ut eit studioalbum og eit konsertalbum som Ash Ra Tempel.
Diskografi[endre | endre wikiteksten]
Soloalbum[endre | endre wikiteksten]
- 1974: Inventions for Electric Guitar
- 1984: E2-E4
- 1991: Dream & Desire
- 2005: Die Mulde
- 2005: Concert for Murnau
- 2005: E2-E4 Live
- 2007: Live at Mt. Fuji
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Manuel Göttsching på MySpace
- intervju (tysk)
- Offisiell nettstad