Manuel Valls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manuel Valls
Valls Schaefer Munich Economic Summit 2015 (cropped).JPG
FøddManuel Carlos Valls Galfetti
13. august 1962
Barcelona
Statsborgar avSpania, Frankrike
PartiParti socialiste
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversité Panthéon-Sorbonne
MorLuisangela Galfetti
FarXavier Valls
EktefelleAnne Gravoin, Nathalie Soulié, Susana Gallardo Terrededia

Manuel Valls (fødd 13. august 1962) er ein fransk sosialistisk politikar som blei statsminister i Frankrike 31. mars 2014.[1]

Manuel Valls blei fødd i Barcelona og blei fransk statsborgar i 1982. Han var rådgjevar for statsminister Michel Rocard med ansvar for spørsmål knytt til ungdom frå 1988 til 1991. Frå 1997 til 1991 var han kommunikasjonsrådgjevar for statsminister Lionel Jospin.[2] Han var medlem av den franske nasjonalforsamlinga 2002–2012 og borgarmeister i Évry 2001–2012.

Manuel Valls var kandidat til å bli sosialistpartiets kandidat til det franske presidentvalget i 2012. Han havna på femteplass i første runde, og støtta kandidaturet til François Hollande i annan runde.[3] Med François Hollande som president frå 15. mai 2012 blei Valls innanriksminister i regjeringa til Jean-Marc Ayrault. Etter at Ayrault gjekk av blei han statsminister 31. mars 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Décret du 31 mars 2014 portant nomination du Premier ministre», Journal officiel de la République française, nr. 0077, 1. april 2014.
  2. Qui est Manuel Valls, l'homme qui monte à gauche ? La Depeche, 9. mai 2012
  3. Primaire socialiste: les principales réactions Paris Match, 9.oktober 2011