Hopp til innhald

Manuel Zelaya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manuel Zelaya

Fødd20. september 1952 (73 år)
Catacamas
Statsborgar avHonduras
PartiPartido Liberal de Honduras, Liberty and Refoundation
Religionkristendom
Yrkepolitikar
Utdanna vedInstituto Salesiano San Miguel
EktefelleXiomara Castro
BarnXiomara Zelaya
VervPresident i Honduras 2006-2009
FøregangarRicardo Maduro
EtterfylgjarRoberto Micheletti
Alle verv
  • Honduras’ president (20062009)
  • deputert i Honduras' nasjonalkongress Sjå dette på Wikidata

José Manuel Zelaya Rosales (fødd 20. september 1952) var presidenten i Honduras frå januar 2006 til han blei avsett ved eit statskupp i juni 2009.

Zelaya blei fødd i Olancho-provinsen. Han gjekk inn i Honduras' liberale parti (Partido Liberal de Honduras, PLH) i 1970. Den 27. november 2005 vann han presidentvalet med 49,9 % av røystene og blei innsett som den femte presidenten til partiet den 27. januar året etter. PLH blei det største partiet i den honduranske nasjonalforsamlinga, nasjonalkongressen, men hadde ikkje fleirtal der.

I juni 2009 oppstod ei politisk krise i Honduras då Zelaya mot stor motstand ønskte å halda eit folkeval om ei grunnlovsendring som ville gjera det mogleg for han å bli gjenvald. Den 28. juni 2009 blei Zelaya avsett av hæren etter ordre frå høgsteretten i landet, og send til nøytrale Costa Rica. Same dagen vedtok nasjonalkongressen å avsette Zelaya. Leiaren for nasjonalkongressen, Roberto Micheletti, også frå PLH, blei sett inn i staden.