Costa Rica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
República de Costa Rica

(norsk: Costa Rica, kostarikansk)

Det kostarikanske flagget Det kostarikanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Noble patria, tu hermosa bandera»
Motto ¡Pura vida! («Reint liv!», brukt på folkemunne)
Geografisk plassering av Costa Rica
Offisielle språk Spansk
Hovudstad San José
Styresett
Parlamentarisk republikk
Laura Chinchilla
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
51 100 km² (127.)
0,7 %
Folketal
 – Estimert (2015)
 – Folketeljing (2000)
 – Tettleik
 
4 814 144 (122.)
3 810 179[1]
94,2 /km² (85.)
Sjølvstende
Frå Spania
15. september 1821
Nasjonaldag 15. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
74 090 mill. USD (91.)
15 700 USD (82.)
Valuta Colón (CRC)
Tidssone UTC -6
Telefonkode +506
Toppnivådomene .cr


Costa Rica er ein republikk i Mellom-Amerika. Landet grensar til Nicaragua i nord og Panama i sør. Landet har kystline mot Atlanterhavet i aust og Stillehavet i vest.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Spania tok kontroll over området på 1600-talet som den sørlegaste provinsen i Ny-Spania. Etter å ha vore ein del av det Mexikanske imperium i kort tid vart Costa Rica ein stat i Den sentralamerikanske føderasjonen i perioden 1823 til 1839. Frå 1840-talet vart Costa Rica ein uavhengig stat.

Sidan 1800-talet har det berre vore to periodar med ustabilitet i landet. Den fyrste var i 1917 til 1919Federico Tinoco herska som diktator. Den andre var i 1948 då ein 44-dagars borgarkrig braut ut som fylgje av eit omstridt presidentval. Hæren vart oppløyst i 1949. Costa Rica er eit av dei få demokratiske landa i verda utan militærvesen.

Kart over Costa Rica

Klima[endre | endre wikiteksten]

Costa Rica er fullt av mikroklima, eller lokale klimavariasjonar. Kombinasjonen av ujamne kystliner, store havområde på kvar side av landet og ein svært variert topografi fører til mange forskjellige lokale vind- og regnmønster, som er nesten umoglege å oppsummere. Temperaturen litt opp i høgda, som i San José, er behageleg, men med litt kjølige netter om vinteren. Dei lågareliggande områda er varmare og med høgare luftfukt. Temperaturane er som regel høgare på vestsida av landet enn på austsida, og kjem seinare over 35 °C på våren i området som Guanacaste og Puntarenas. Andre område, som Generaldalen, er tørrare enn andre, sjølv om «tørr» er et relativ omgrep i dette ganske så våte landet. Regnbyene kjem ofte mellom mai og tidleg november. Canicula er derimot ein periode på nokre veker ei gong i juli og august, då det kjem lite nedbør. I fjellsidene mot Stillehavet og på kysten av Karibia, gjev regnet seg i september og oktober, før det aukar på igjen i januar eller seinare. Nesten alle månadane får ein del nedbør nær Karibia, men mykje av det kjem om natta. Det er tørt nesten alle andre stader frå februar til april med meir sol enn om sumaren.

Kolibri frå Costa Rica.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Costa Rica
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.