Manytsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manytsj
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 35 400 km²
Lengd 219 km
Munning Don
Kart
Manytsj
47°14′56″N 40°15′17″E / 47.24888889°N 40.25472222°E / 47.24888889; 40.25472222
Wikimedia Commons: Manych River

Manytsj (russisk Маныч) er ei elv i Rostov oblast, republikken Kalmykia og Stavropol kraj i Russland og ei av sideelvane til Don frå venstre. Elva er 219 km lang og har eit nedslagsfelt på 35 400 km².

Elva ligg i Kuma-Manytsj-senkinga, som er kalla opp etter elva og som ofte vert rekna som ein del av grensa mellom Europa og Asia. Hovudelva Manytsj vetr vanlegvis rekna for å starte ved Manytsj-Gudilo-sjøen. Ho renn nordvestover frå her, gjennom byen Proletarsk, og munnar ut i Don ved Manytsjskaja, aust for byen Rostov-na-Donu. I følgje andre kjelder startar Manytsj der tilløpselva Kalaus munnar ut i Manytsjsenkninga og deler seg i ein bifurkasjon, i Vestre Manytsj som renn mot nordvest og munnar ut i Manytsj-Gudilos-jøen, og Austre Manytsj som renn mot søraust, og som ved høg vassføring munner ut i elva Kuma, som renn til Kaspihavet. Frå munningen av Kalaus er Manytsj 420 km lang.

Gjennom Nevinnomyssk-kanalen og Jegorlyk vert vatn frå elva Kuban ført inn i Manytsj. Elles kjem mesteparten av vassføringa i Manytsj frå snøsmelting. Vatnet frå elva vert nytta til irrigasjon i særs stor grad.

Før bygginga av reservoar som Proletarsk-, Ust-Manytsj- og Veselyj-reservoara i Manytsjsenkninga, og reguleringa av Don gjennom det 2700 km² store Tsimljansk-reservoaret, kunne Manytsj skifte løp fleire gonger i løpet av året. Ved sterkt regnfall i Kaukasus rann vatnet frå Kalaus austover mot Kaspihavet, og ved høg vassføring i Don kunne vatnet frå her verte pressa opp 100 kilometer oppover Manytsjsenkninga.

Se også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]