Kuban
| Kuban | |||
| elv | |||
Kuban i Krasnodar | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 57 900 km² | ||
| Lengd | 870 km | ||
| Kjelde | Nord-Kaukasus | ||
| Munning | Azovhavet | ||
![]() Kuban 43°27′40″N 42°05′46″E / 43.4611°N 42.0961°E | |||
| Wikimedia Commons: Kuban River | |||
Kuban (russisk Кубань, adygisk Псыж, Psyzj) er ei elv i Russland i Nord-Kaukasus. Ho renn gjennom Karatsjajevo-Tsjerkessia, Stavropol kraj, Krasnodar kraj og Adygia.
Kuban har ei lengd på 870 km og har kjelda si nær Elbrus i Kaukasus og munnar til slutt ut i Azovhavet. Elva har eit nedslagsfelt på 57 900 km². Nesten heile elva kan nyttast til skipsfart. Av byar langs Kuban finn ein Karatsjajevsk, Tsjerkessk, Nevinnomyssk, Armavir, Ust-Labinsk, Krasnodar og Temrjuk. Slavjansk-na-Kubani ligg faktisk ikkje ved Kuban, men ved elva Protoka.
Elva renn mellom anna gjennom Krasnordaskjoe-reservoaret. Det er bygd fleire vasskraftverk langs elva, som Kuban Kaskad, Zelentsjuskije, Kursjavskije, Barsutskovskije og Sengilejevskije GZS med ein total kapasitet på meir enn 620 MW.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Кубань (река)» frå Wikipedia på russisk, den 5. oktober 2008.

