Maorirustand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maorirustand

Status i verda: LC Livskraftig

Par, hannfugl øvst Foto: Dick Daniels
Par, hannfugl øvst
Foto: Dick Daniels
Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Underfamilie: Tadorninae
Slekt: Tadorna
Art: T. variegata
Namn på andre språk
  • Engelsk: Paradise Shelduck
  • Vitskapleg namn
    Tadorna variegata

    Maorirustand, Tadorna variegata, er ei stor, gåseliknande rustand, endemisk til New Zealand. På maori er ho kjent som Pūtangitangi, ho er ein ettertrakta jaktfugl.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Hofugl med ungar
    Foto: Dave Young

    Kjønna er mykje ulike og begge har slåande fjørdrakt: hannen har eit svart hovud med grønt skin, og kroppen er mørk grå og fint, svart spraglet, hofuglen har kvitt hovud med ein oransje til kastanjebrun kropp. Hannfuglar er litt større enn hoer, ca. 1,7 kg mot ca. 1,4 kg, begge ca. 63 centimeter i kroppslengd.[1]

    Maorirustender lever vanlegvis parvis, beitar på gras og ugras, og vil raide avlingar, spesielt under myteperioden.

    Maorirustand dannar langsiktige parforhold, som ofte varer ut livet, og dei forsvarer territorium. Hekkesesongen startar med egglegging i august, september og ungane er sjølvstendige i desember. Dei når kjønnsmoden alder etter to år, hofuglar ofte etter tre år. Dei byggjer reir som er fôra med gras og fjører, skjult i høgt gras, inne i hòle tre, eller under rotnande tømmerstokkar. Typisk storleik på kullet er 9 egg. Ungane er flygedyktige etter åtte veker.

    Før europearane busette seg på New Zealand, jakta maoriar på maorirustender i favoriserte område. Jakt skjedde utanfor hekkesesongen når mytinga blant fuglane gjekk føre seg, og dei ikkje kunne flyge. I hekkesesongen var jakt forbode. Dette systemet for vern og selektiv jakt sikra gode forsyningar av mat.

    Maorirustand var ikkje ein vanleg art før europeiske busetjing, men avskoging til fordel for meir beitemark, anlegg av fleire dammar, og sterk kontroll på jakt, har ført til ein stor auke i bestanden av desse endene. Populasjonen har vore estimert til 120 000 individ per 1981. Forventa levealder er over 2 år, det eldste kjente individet vart over 23 år gamalt.[1]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • Denne artikkelen byggjer på «Paradise Shelduck» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juli 2012
    • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

    Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. 1,0 1,1 Heather og Robertson (2005)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maorirustand
    Maorirustand
    Namn på andre språk
    SvenskParadisand
    DanskParadisgravand
    EngelskParadise Shelduck
    MaoriPūtangitangi