Marcus Grönholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marcus Grönholm
Marcus Grönholm Rally Japan 2007.jpg
Fødd 5. februar 1968 (55 år)
Grankulla
Yrke rallykøyrar
Marcus Grönholm på Commons

Marcus "Bosse" Grönholm (fødd 5. februar 1968) er ein finsk rally-førar. Grönholm vann verdsmeisterskapen i rally både i 2000 og 2002, medan han køyrde for Peugeot. Då det franske bilmerket trekte seg frå WRC, flytta Grönholm over til Ford før 2006-sesogen. Den sesongen tapte han tittelen for Sébastien Loeb, med berre eit poeng. Neste sesong kom han igjen på, andreplass, 4 poeng bak Loeb. Marcus Grönholm og kartlesaren Timo Rautiainen trekte seg frå rally etter 2007-sesongen, men kom attende i 2009 med ein privatdriven Subaru.

Grönholm har og vunne 2002-utgåva av Race of Champions, der han tok med seg heim Henri Toivonen Memorial Trophy som «Champion of Champions».