Mardøla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mardalsfossen i 2004, ein del av Mardøla-vassdraget

Mardøla er eit vassdrag ved sørenden av Eikesdalsvatnet i Nesset kommune i Møre og Romsdal fylke. Mardøla-vassdraget vert utgjort av Mardøla og Ytste Mardøla. Mardøla har utspring i Mardalstjønna (945 moh.). Eit fall på 655 m utgjer den vidgjetne Mardalsfossen. Ytste Mardøla har utspring i Nedste Mardalsvatnet (842–837 moh.). Mardøla og Ytste Mardøla møtest før dei renn saman ut i Eikesdalsvatnet.

I 1970 vart det vedteke regulering av Mardøla, noko som førte til Mardøla-aksjonen. Aksjonen var den første store demonstrasjonen mot vasskraftutbygging i Noreg.