Marek Hamšík

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marek Hamšík
Hamsik 2016.jpg
Hamšík med Napoli i 2016
Personleg informasjon
Fødd 27. juli 1987 (32 år)
Fødestad Banská Bystrica i Tsjekkoslovakia
Høgd 183 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Dalian Yifang
Nummer 17
Ungdomsklubbar
2001
2002-04
Flag of Slovakia.svg Jupie Podlavice
Flag of Slovakia.svg Slovan Bratislava
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002–2004 Slovan Bratislava 6 (1)
2004–2007 Brescia 65 (10)
2007–2019 Napoli 408 (100)
2019– Dalian Yifang 21 (2)
Landslag
2003–2004 Slovakia U-17 (3)
2005–2006 Slovakia U-19 (1)
2006–2007 Slovakia U-21 (0)
2007– Slovakia 116 (24)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. september 2019
‡ Landslagsmål oppdatert 9. september 2019

Marek Hamšík (fødd 27. juli 1987 i Banská Bystrica) er ein slovakisk fotballspelar som har spela på midtbanen for Napoli i italiensk Serie A og på det slovakiske landslaget.

Hamšík drog til Brescia i italiensk fotball frå Slovan Bratislava i heimlandet som 17-åring, for 500 000 euro. Han debuterte i Serie A med Brescia 20. mars 2005, i ein alder av 17 år og 237 dagar. Han vart fast på laget i Brescia i 2005/06-sesongen, då laget spelte i Serie B. Sommaren 2007 gjekk han til Serie A-klubben Napoli for 5,5 millionar euro. I 2007, 2008 og 2009 vart han kåra til årets unge slovakiske fotballspelar. I 2008 vart han òg kåra til årets unge spelar i Serie A.

Hamšík debuterte for Slovakia sitt A-landslag 7. februar 2007 i ein privatlandskamp mot Polen. Han var landslagskaptein for Slovakia under fotball-VM i 2010 og spelte alle Slovakia sine fire kampar.