Slovan Bratislava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lagsmerket til Slovan Bratislava

Športový Klub Slovan Bratislava er ein slovakisk fotballklubb frå Bratislava som i 1969 gjekk heilt til topps i Cupvinnarcupen, då laget var det fyrste frå Aust-Europa som vann ei av dei store klubbturneringane i europeisk fotball.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Klubben vart stifta i 1919 og er det mestvinnande fotballaget i Slovakia, med åtte seriemeisterskap i perioden 1993-2014. Tidlegare vann Slovan den tsjekkoslovakiske toppdivisjonen åtte gongar i tida 1949-92.

Høgdepunktet for Slovan kom då laget i mai 1969 sigra i Cupvinnarcupen etter å ha vunne med 3-2 over FC Barcelona i ei sjåverdig finalekamp på St. Jakob-Park i Basel.

Heimebana Štadión Pasienky har plass til 13 000 tilskodarar. Klubbfargane er lyseblå og kvit.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1969
  • Seriemeister i Tsjekkoslovakia (8): 1949, 1950, 1951, 1955, 1970, 1974, 1975 og 1992
  • Seriemeister i Slovakia (10): 1994, 1995, 1996, 1999, 2009, 2011, 2013, 2014, 2019 og 2020

HC Slovan Bratislava er ein ishockeyklubb.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]