Maren Aardahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maren Aardahl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. mars 1994 (30 år)
Trondheim
Idrett handball, strandhåndball

Maren Nyland Aardahl (fødd 2. mars 1994) er ein norsk handballspelar frå Trondheim. Sidan 2021 er ho aktiv for Odense HB i Danmark. Aardahl vart verdsmeister i 2021 og europameister i 2022 med det norske handballslandslaget. Ho er linjespelar og utmerkar seg særleg innan forsvarsspel.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Aardahl spelte på Byåsen IL sitt lag i den norske toppserien frå 2012 til 2019. Våren 2016 kneip laget andreplassen i serien bakom Larvik HK. Sesongane 2019/20 og 2020/21 gjorde ho teneste i høvesvis tyske BBM Bietigheim og rumenske Vâlcea. Frå sommaren 2021 vart ho aktiv i det danske topplaget Odensse HB.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Aardahl fekk sin landslagsdebut 1. oktober 2021. Med Marit Frafjord ute av landslaget, fekk Aardahl ei sentral i rolle i det norske midtforsvaret jamsides Kari Brattset. Både under Handball-VM 2021 og Handball-EM bidrog ho mykje til at Noreg kunne stå att som vinnar i begge turneringane. Ved utgangen av 2022 står ho med 28 landskampar og 40 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]