Margaret Harkness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margaret Harkness

Pseudonym John Law
Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 28. februar 1854
Upton upon Severn
Død

10. desember 1923 (69 år)
Firenze

Yrke journalist, skribent, redaktør
Margaret Harkness på Commons

Margaret Elise Harkness (28. februar 185410. desember 1923) var ein radikal engelsk journalist og forfattar, og ein av dei «nye kvinnene» frå slutten av viktoriatida som søkte ein karriere i den offentlege sfæren. Harkness var sosialist og feminist, og blei seinare knytt til Frelsesarmeen.

Harkness var fødd i Upton-on-Severn i Worcestershire. Ho hadde nære band til fagforeiningsleiarar i London, blant dei Beatrice Webb, Eleanor Marx, Clementina Black, Olive Schreiner, Amy Levy, Olive Birrell, Isabella Ford og Annie Besant. Dei møttest ofte i og utanfor lesesalane til British Library.

Harkness skreiv fem romanar om slummen og den urbane framandgjeringa: A City Girl (1887), Out of Work (1888), In Darkest London (1889), A Manchester Shirtmaker (1890) og George Eastmont: Wanderer (1905).

I Out of Work skildra ho hendingsgangen i «den blodige søndagen» i 1887.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]