Frelsesarmeen
Frelsesarmeen (frå engelsk Salvation Army) er eit kristent kyrkjesamfunn og veldedig organisasjon. Frelsesarmeen vart grunnlagd av ekteparet Catherine og William Booth i London 1865. Først brukte dei namnet East London Christian Mission. Salvation Army, det vil seie Frelsesarmeen, vart teke i bruk i 1878. Då omorganiserte Wiliam Booth organisasjonen til den halvmilitære forma han har hatt seinare.[1]
Frelsesarmeen sin verdsleiar er general Brian Peddle. [2]
I Noreg vart Frelsesarmeen starta den 22. januar 1888[3] av Hanna Ouchterlony. Den første kyrkjelyden vart grunnlagd i Kristiania, den andre i Arendal. Frelsesarmeen i Noreg vart offentleg godkjend som eige trussamfunn i 2005. Øvste leiar for Frelsesarmeen i Noreg, Færøyene og Island er kommandør Knud David Welander.[4]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Report on the records of the Salvation Army». Nationalarchives.gov.uk. Henta 11. april 2012.
- ↑ «New leadership for The Salvation Army in the UK and Ireland | News Centre». news.salvationarmy.org.uk. Arkivert frå originalen 1 December 2017. Henta 20 November 2017.
- ↑ «Historie», Frelsesarmeen (på norsk), henta 31. mai 2021
- ↑ «Organisering», Frelsesarmeen (på norsk), henta 31. mai 2021
- Denne artikkelen bygger på «Frelsesarmeen» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juni 2011.